BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstillingVed Matematisk institutt er det frå 1. mars 2024 ledig ei åremålsstilling som instituttleiar for fire år, med moglegheit for tilsetjing i ny åremålsperiode etter utlysing. Vi søkjer ein engasjert leiar som kan vidareutvikle og leie den totale aktiviteten til instituttet innan forsking, utdanning, innovasjon og formidling. Instituttleiaren inngår i fakultetet si leiargruppe.Om instituttetMatematisk institutt er eit av sju institutt ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Fakultetet bidrar til ny og grunnleggjande vitskapleg innsikt og til ei god framtid for menneske, miljø og samfunn. Fakultetet sine strategiske satsingar er marin, klima og energi. Matematisk institutt si forskings- og utdanningsaktivitet bidreg til fakultetet og UiB sine strategiske målsettingar. Moderne samfunn er i stor grad basert på matematikk og matematisk kunnskap, samstundes som matematikk er avgjerande viktig for utviklinga av naturvitskapane, teknologifaga og andre sentrale fagområde. Matematisk institutt har som hovudmål å utvikle matematikkfaget og gi kunnskap og kompetanse til samfunnet gjennom forsking og utdanning. Forskinga ved Matematisk institutt (MI) er fokusert innanfor statistikk, rein- og anvend matematikk og matematikkdidaktikk. Fagmiljøet bidreg og til tverrfagleg forsking. Instituttet leverer solid utdanning på bachelor, master og PhD nivå og har også ei viktig rolle i alle studieprogramma ved fakultetet, inkludert lektorutdanninga.Instituttet har for tida 37 faste vitskapelege stillingar og totalt vel 110 tilsette. Matematisk institutt disponerer om lag 56 millionar kronar over universitetet sitt grunnbudsjett i 2023 i tillegg til ein ekstern portefølje på om lag 34,5 millionar kronar.Nærare opplysningar om Matematisk institutt finn du på instituttet si heimeside.Om stillingaInstituttleiar si viktigaste oppgåve er å utvikle instituttet i tråd med hovudmålet, synleggjere den viktige rolla matematisk forsking og utdanning har i samfunnet og posisjonere matematikkfaget ved institusjonen slik at Universitetet i Bergen styrker si rolle i fagområdet både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Som del av dette, er det ei viktig oppgåve for instituttleiar å stimulere til auka ekstern forskingsfinansiering ved instituttet.Instituttleiar har eit overordna ansvar for den samla verksemda ved instituttet og resultatansvar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon samt overordna personal-, HMS- og budsjettansvar. Instituttleiar rapporterer til dekan, inngår i fakultetet si leiargruppe og leiar instituttrådet.Instituttleiar sine viktigaste oppgåver er åleie og utvikle verksemda ved instituttet i tråd med strategiane til instituttet, fakultetet og Universitetet i Bergenbidra til utviklinga av fakultetet med vekt på høg kvalitet i utdanning, forsking og formidlingsørgje for god fagleg leiing med vekt på kvalitet og god balanse mellom utdanning, forsking, formidling og innovasjonrepresentere og posisjonere instituttet og bidra til internt og eksternt samarbeidstimulere og leggje til rette for at dei tilsette hentar inn ekstern forskings- og utdanningsfinansieringskape ein positiv organisasjonskultur og stimulere til eit produktivt og godt arbeidsmiljøsikre at kjønns- og mangfalds perspektivet er godt vareteke ved tilsetjingar og i instituttkulturenskape arenaer for samarbeid, medverknad og dialogsørgje for tenlege infrastruktur, tenlege teknisk-administrative tenester og effektiv drift av verksemda.sørgje for at internkontroll og økonomistyring fungerer i samsvar med fastsette reglar og rutinar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Vi søkjer ein instituttleiar somhar interesse og kunnskap om verksemdsleiing og leiarutviklinghar gode leiareigenskapar, dokumenterte resultat frå forskingsleiing og god forståing for utdanningsleiing. har visjonar og tankar for vidareutvikling av instituttet dei neste 5-10 åraer ein internasjonalt anerkjent forskar, normalt med professorkompetanse, innan eitt av fagområda ved instituttet. har evne til å sette mål og arbeide strategisk for instituttet. I tillegg vert det lagt vekt på god forståing for leiing av kunnskapsmedarbeidarar i ein kontekst med akademisk fridom. ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. leiaråtferd som stimulerer til gode resultat og eit godt arbeidsmiljø blant tilsette og studentar. gode kommunikasjonsevner og evne til å byggje nettverk og skape legitimitet og tillit internt og eksternt. gode kunnskapar i eit skandinavisk språk (norsk, svensk eller dansk) og i engelskVi tilbyr:løn etter avtale (stillinga er plassert i kode 1475 Instituttleiar)medlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarDet vert stilt ressursar til rådvelde for at instituttleiaren kan oppretthalde eigen forskingsaktivitet.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til dekan Gunn Mangerud, telefon +47 975 57 137 / e-post gunn.mangerud@uib.no, eller fakultetsdirektør Elisabeth Müller Lysebo, telefon +47 975 57 135 / e-post elisabeth.lysebo@uib.no.Alle spørsmål vert handsama konfidensielt.Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Ved utløpet av kvar åremålsperiode skal stillinga kunngjerast offentleg. Ingen kan tilsetjast samanhangande i same stilling i meir enn to åremålsperiodar.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfald i leiargruppene. Kunnskap om, og resultat frå, aktivt likestillings- og mangfaldsarbeid vert tillagt vekt ved rekruttering av leiare.Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Allégaten 41, 5007 BergenStort kartHybridkartFlyfoto