BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)Ved Institutt for geovitskap (GEO) er eit vikariat som seniorkonsulent innan studieadministrasjon for 1 år med moglegheit for forlenging. Den som blir tilsett må kunne starte i stillinga seinast innan 1. desember 2023.Instituttet er eitt av Europas største geofaglege miljø, og har over 170 tilsette og omtrent 300 studentar. Geologar og geofysikarar sit på nøkkelkompetanse for å løyse mange av morgondagens utfordringar, noko som synest i instituttet sine strategiske satsingsområde: energi, ressursar, klima, miljø og geofarar/naturkatastrofar.Undervisninga ved instituttet femner om eit breitt spekter av geofaglege disiplinar. Instituttet har eit bachelorprogram i geovitskap med ei studieretning i geologi og ei i geofysikk med til saman 80 studieplassar per kull. I tillegg har instituttet eit masterprogram i geovitskap med 52 studieplassar, med rom for fordjuping innan geodynamikk og bassengstudiar, Geokjemi og geobiologi, Geofysikk eller Kvartærgeologi og paleoklima. GEO har og til ei kvar tid rundt 55 doktorgradsstudentar som tar forskarutdanning ved instituttet. http://www.uib.no/geoStillinga som seniorkonsulent inngår i ei instituttadministrasjon med 9 medarbeidarar som har administrasjonssjefen som næraste overordna.Stillinga vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman 3 tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå og bidrar også inn i administrasjon av instituttet sine kurs for etter- og vidareutdanning (EVU-kurs). Seksjonen er sekretariat for instituttet sitt studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Studieseksjonen ved GEO samarbeider tett med dei vitskapelege førelesarane og har elles eit tett samarbeid med studiepersonale både ved dei ulike institutta og ved fakultetsadministrasjonen. Det er også eit tett samarbeid med iEarth (Senter for framifrå utdanning i geovitskap) om læringsmiljø, undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt.Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrative oppgåver, i tillegg til dei spesifikke funksjonane som er lagt til stillinga.Arbeidsoppgåver:Administrativt ansvar for masterprogrammet i geovitskap og for instituttet sitt tilbod innan etter- og vidareutdannings (EVU-kurs).Dette inneber mellom anna: ansvar for administrering, koordinering, kvalitetssikring og utvikling av instituttet sitt masterprogram, det vil seie:rekruttering og opptak til master.oppfølging av masterstudentar samt koordinering av uteksaminering.sakshandsaming innan studierelaterte saker, inkludert sakshandsaming med overordna/komplekse problemstillingar.innpassing av ekstern utdanning.studierettleiing og orienteringsmøter for studentar.informasjonsverksemd - utarbeiding av informasjonsmateriell inkludert webinformasjon. ansvar for administrasjon, utvikling og drift av dei kursa instituttet gir innan etter- og vidareutdanning (EVU-kurs).faglege utgreiingar, knytt til etablering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar, emne og læringsmiljø.arbeid med utvikling av tverrfaglege studieprogram.sekretær og saksførebuing for instituttet sitt programstyre.innkalle til og førebu saker til felles lærarmøter for alle undervisarar ved instituttet, i tett samarbeid med undervisingsleiar.Den som vert tilsett vil også i tett samarbeid med andre tilsette i studieseksjonen bidra i administrasjon og planlegging av emneundervisning og til utarbeiding av undervisingsbudsjett i tett samarbeid med emneansvarlege.Universitetet i Bergen er ein organisasjon som i særleg grad må vere tilpassingsdyktig til endringar i omgivnadene, og må vere førebudd på å møte skiftande utfordringar. Den som vert tilsett, må difor vere førebudd på at arbeidsoppgåvene kan bli endra.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar:søkjar må ha utdanning på masternivå innan geovitskap, eller tilsvarande utdanning.relevant administrativ praksis og erfaring frå organisering av digitale og fleksible tilbod innan utdanning er eit krav .det er ynskjeleg med erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy.kjennskap til og erfaring i bruk av Felles Studentsystem (FS), Canvas/Mitt UiB, ePhorte og andre elektroniske portalar ved UiB er ein føremon.søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål), og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk.Personlege egeinskapar:Den som vert tilsett må:ha interesse for arbeidslivsrelevans og eit ønske om å styrke samarbeidet mellom akademia og arbeidslivet.ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel.vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet.vere resultat- og løysningsorientert.vere serviceinnstiltha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.ha gode analytiske eigenskapar og nødvendig presisjon i arbeidet.Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde.Vi kan tilby:spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 56-63 (for tida 548 600 – 615 700) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn.spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan geovitskap.høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning  .nettverk for studiekonsulentar ved fakultetet, som bidreg til faglegutvikling.mentor for nytilsettemedlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarGenerell informasjon:Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte instituttleiar Atle Rotevatn, tlf. 55 58 33 90 /e-post: atle.rotevatn@uib.no eller administrasjonssjef Andrea Grimnes, tlf. 55 58 33 00 / 971 72 904 /e-post: andrea.grimnes@uib.no.For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med seniorkonsulent Vivian Stegen Jaobsen, e-post: vivian.jacobsen@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Allégaten, 5007 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.93 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.93 Seniorkonsulent (SKO 1363)
0.92 Fast 50% stilling som administrasjonskonsulent/førstekonsulent i studieseksjonen ved Fakultet for k
0.92 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.92 Førstekonsulent (studieadministrasjon), vikariat
0.92 Seniorkonsulent
0.92 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.91 Seniorrådgjevar
0.91 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.91 Studieveileder
0.91 Seniorkonsulent  / Rådgiver
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Stord
0.91 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.91 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.91 Seniorkonsulent/rådgiver tilknyttet klinisk kompetansesenter, Namsos
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Sogndal
0.90 Senioringeniør
0.90 Førstekonsulent/rådgiver studieadminstrasjon
0.90 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør innen automatisering
0.90 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.90 Førstekonsulent/rådgiver i fellestjenesten for opptak
0.90 Overingeniør / Senioringeniør
0.90 Booking- og salskonsulent
0.90 Rådgjevar
0.89 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.89 Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
0.89 Rådgiver internasjonalisering
0.89 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.89 Seksjonsleder for felles administrativ enhet for instituttadministrasjon ved HSL
0.89 Førstekonsulent/Seniorkonsulent
0.89 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.89 Seniorrådgiver
0.89 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
0.89 Administrasjonskonsulent
0.89 Fagkonsulent
0.89 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.89 Seniorrådgiver
0.89 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.89 Forsker
0.89 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.89 Studiesjef ved Det juridiske fakultet
0.89 Konsulent
0.89 Kommuneøkonom
0.89 Administrasjonskonsulent
0.89 Seniorkonsulent Organisasjonsutvikling
0.89 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.89 Seniorkonsulenter/rådgivere
0.89 Rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Spesialkonsulent
0.89 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.89 Seniorkonsulent plan- og stedsutvikling
0.89 Jobbkonsulent
0.89 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.89 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.89 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.89 Forskningsteknikar