Forskningsteknikar
None
Bergen
BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Forskingsteknikar Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som teknikar innan IT-tenester (forskingsteknikar kode 1512) frå 1. januar 2024. Stillinga er knytt til eksternt finansierte prosjekt.Om instituttetDigitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Instituttet har vore i sterk vekst dei siste åra. No har vi om lag 1000 studentar innom oss, og av dei 150 tilsette er nærare 40 forskjellige nasjonalitetar representert. Denne stillinga vil vere ein del av teknikarteamet på Computational Biology Unit (CBU), som er UiB sitt forskingssenter for bioinformatikk. CBU koordinerer ELIXIR Norway, den norske noden i ELIXIR, den europeiske ESFRI infrastrukturen for livsvitskap data.ArbeidsoppgåverI denne jobben vil du være ein del av CBU Service Group. Dette er ei gruppe som utviklar og drifter e-infrastruktur for forsking innan livsvitskap, og du skal samarbeide med forskarar og andre IT-tilsette både ved instituttet og ved universitetet sin sentrale IT-avdeling.Hovudarbeidsoppgåva vil vere å saman med gruppa utvikle og vedlikehalde Linux-basert serverinfrastruktur over ulike typar virtuelle og fysiske plattformer. Eksemplar på typar oppgåver kan vere:Implementere og automatisere Linux server deployment (infrastruktur som kode)Implementere og automatisere kontinuerleg integrasjon og kontinuerleg levering (CI/CD) for programvareutviklingsprosjekterOvervake systemyting og gjennomføre proaktiv feilsøking og optimaliseringBidra til utviklingsarbeid i samanheng med ELIXIR Norway, inkludert nasjonale og internasjonale infrastruktur-prosjekt knytt til ELIXIR Norway noden.Dokumentere prosesser og prosedyrer, samt holde deg oppdatert på ny teknologi og beste praksisGrunna omorganisering kan det bli endring i stillinga og arbeidsstad.Kvalifikasjonar og eigenskaparDu må ha fagbrev i utdanning i IKTDu må ha god administrativ IT-kompetanse, inkludert å vedlikehalde infrastruktur dokumentasjon (DCIM)Du må ha relevant erfaring med Linux systemadministrasjon, inkludert bruk av virtualiseringsteknologi og praktisk sikkerheitsarbeid.Erfaring frå serverdrift gjennom “infrastructure as code” er eit krav, ved å nytta til dømes Ansible.Erfaring frå IT-arbeid i universitetssektoren er ein føremon.Kjennskap til “development and operations best practices (DevOps)” inkludert CI/CD vil vere ein stor fordel for deg i denne stillinga.Det same gjeld scripting programmeringsspråk, har du erfaring frå dette vil det vere ein fordel.Om du har jobba med automatisk jobb-skedulering eller nettverksadministrasjon er det også ein fordel Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar er viktige, og det blir lagt vekt på desse: Du må vere sjølvstendig og ha høg integritet. Kunne fokusere på å oppnå resultater.Du må kunne tileigna deg ny kunnskap for å løysa nye utfordringar.Du må vere strukturert og nøyaktig.Vi forventar entusiasme og treng deg som har gode evner til å jobbe i eit tverrfagleg internasjonalt teammiljø.Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.Søkjarar må ha gode norskkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg.Særeigne krav for denne stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Vi kan tilbySpennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljøLøn som forskingsteknikar i lønssteg 52 - 56 (kode 1512), i det statlege lønsregulativet, avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. Dette utgjer for tida kr 516 800 - 548 600.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:Instituttleiar Inge Jonassen, Inge.Jonassen@uib.no eller gruppeleiar Kjell Petersen, Kjell.Petersen@uib.no.For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no.Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan tilsvarande arbeidsområde ved Institutt for Informatikk eller ved Universitetet i Bergen.Universitetet i Bergen har et mål om at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfaldet i befolkninga i størst mogleg grad. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Universitetet i Bergen legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Thormøhlensgate 55, 5006 BergenStort kartHybridkartFlyfoto