Driftsteknikar (med fagbrev)
Universitetet i Bergen
Bergen
Driftsteknikar (med fagbrev)
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Driftsteknikar (med fagbrev)
Frist
17.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Driftsteknikar (med fagbrev)Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinga.Eigedomsavdelinga sitt oppdrag er å levere gode bygg og bidra til UiB når sine mål. Vi har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsingar.Drift har det daglege ansvaret for FDVU av bygg, tekniske installasjonar og utomhusareal. Den samla bygningsmassen er inndelt i 3 driftsområde - to er lokalisert på Nygårdshøyden og eitt er lokalisert på Årstad/Haukelandsområdet.Driftsteknikar (med fagbrev) Ved Eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen er det no tre ledige 100 % stillingar som driftsteknikar. Vi søkjer deg som er initiativrik, strukturert og har stor interesse for tekniske anlegg. Du må handtere mange oppgåver samtidig og i samsvar med våre verdiar som er "samhandling, respekt, redelighet og åpenhet". Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg. Dei utlyste stillingane er i dag plasserte i driftsområde Nord og driftsområde 3 som primært dekker på Nygårdshøyden og Marineholmen. Driftsområda har mellom anna ansvaret for UiB sine nærvarme- og nærkjøleanlegg, og bygg med omfattande og komplekse tekniske anlegg for m.a. laboratorium og museum.Arbeidsoppgåver:Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og krev derfor at du kan handtere problemstillingar innanfor fleire felt. Vi ser etter personar som har erfaring med større bygg og tekniske anlegg. BIM og andre digitale verktøy vert stadig viktigare for byggdrift, og driftsteknikarar hos UiB må ha gode IT-kunnskapar og evne og vilje til å ta i bruk ny programvare. Stillingane rapporterer til drifts- og vedlikehaldsleiar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjaren må ha følgjande kvalifikasjonar:Relevant fagarbeidarutdanning (fagbrev), fortrinnsvis innan faga: elektro, ventilasjon, rør, kjøling, byggdrift eller mekanikk. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.Relevant erfaring med tekniske anlegg og bygg. Erfaring med større tekniske anlegg med varmepumper, kjølemaskiner, ventilasjonsanlegg, klimatiserte rom, sentral driftskontroll o.l. vil bli lagt særskilt vekt på.Grunnleggjande kjennskap til IT-verktøyFørarkort kl. BGode norskkunnskapar skriftleg og munnleg, eks. Bergenstesten nivå C1: https://www.folkeuniversitetet.no/Artikler/Spraaktester/NivaatestVi ser det som ein føremon at søkjar har:Erfaring med brannalarmanlegg, adgangskontroll m.m.Kjennskap til/innsikt i fleire relevante fagområdeErfaring i drift av større moderne byggErfaring med ENØK-arbeid og optimalisering av drift av tekniske anleggErfaring med navigering i og bruk av 3D-modellarPersonlege eigeskapar:Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklimaVere kvalitetsbevisst og ha yrkesstoltheitInitiativrik og kreativ med interesse for utviklingEvne til å arbeide nøyaktig og ryddigKunne handtere fleire utfordringar samtidigEvne til å arbeide effektivt både sjølvstendig og saman med andreServiceinnstiltVi kan tilby:Eit fagleg utfordrande arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåverInspirerande, inkluderande og triveleg arbeidsmiljøLøn etter stillingskode som driftsteknikar (kode 1136) i årsløn frå kr 540 500 - 584 500 etter kvalifikasjonar og bakgrunn. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønOpplæring og anledning til vidareutdanning og utviklingMedlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordningBustadlån til gunstige vilkår i Statens PensjonskasseStilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd) som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehageGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Eigedomsforvaltar: Arvid Arnesen, tlf.915 62 209, Eigedomsforvaltar: Torbjørn Iversen, tlf.994 85 820Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillingaNærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om eiendomsavdelinga her.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Håndverker / Andre montører,
Teknisk personell
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma
1090 følger dette firmaet
Christiesgt. 18, 5020 Bergen