Driftsutviklar Windows
Universitetet i Bergen
Bergen
Driftsutviklar Windows
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Driftsutviklar Windows
Frist
27.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Driftsutviklar Windows
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Er du nysgjerrig på ny teknologi, vil du være med å utvikle og drifte ein moderne IT-plattform?-Då er det deg vi ser etter - Driftsutviklar WindowsVær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!Ved IT-avdelinga, Seksjon for IT-fellestenester er det ledig stilling som Windows tenardriftar avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør i Plattformgruppa.IT-avdelinga sitt oppdrag er å levere gode IT-tenester og bidra til at UiB når sine mål. Vi leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. IT-avdelinga har om lag 110 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. IT-avdelinga legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar.Plattformgruppa inngår som del av Seksjon for IT-fellestenester og har ansvar for drift av tenarar og tenester som går på desse. Arbeidsoppgåver:Vi søker et kreativt hovud som kan vere med på å forbetre drift- og vedlikehaldsrutinar av vår Windows serverplattform, vi ser etter deg med interesse og kunnskap til å gjere den meir automatisert, kodebassert og sjølvbetjent. Stillinga vil vere spesielt retta mot drift av system for Eiendomsdrift.Du bør ha generell stødig Windows kompetanse og interesse (OS, lagring, nettverk). Erfaring med system for byggdrift er ein fordel (SD-anlegg, sikkerheitskamera, låssystem mm). Det er også en fordel at du har kjennskap til metodikk for kontinuerlege leveransar. Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kjennskap til drift av Windows tenarar med tenester(AD, SCCM / SCOM, MS Sql, mm)Kjennskap til automatisering av driftsoppgåver (GPO, Powershell, mm)Kjennskap til scripting og programmeringInteresse for IT-sikkerheitHar gode samarbeidsevner og evne til å byggje gode relasjonar internt og eksterntMå kunne kommunisere godt munnleg og skriftleg på norsk og engelskVi vil vektlegge personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillingaFor avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanningFor senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanningVi tilbyr:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøEin kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetetStilling som avdelingsingeniør (kode 1085) kr 460 600 - 557 100 , overingeniørar (kode 1087) kr 604 900 - 692 400 eller senioringeniør (kode 1181) 646 000 - 759 100 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare lønMedlemsskap i Statens pensjonskasseFleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: seksjonsleiar Jan Kristian Walde Johnsen (jan.johnsen@uib.no, mobil 917 15 378) eller gruppeleiar Christoffer Krzywinski (christoffer.krzywinski@uib.no, mobil 982 43 689).Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT utvikling / Utvikler (generell)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma
1098 følger dette firmaet
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto