Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør

Universitetet i Bergen
Bergen
Er du vår nye systemutviklar?
Arbeidsgiver Universitetet i Bergen Stillingstittel Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør Frist 24.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Er du vår nye systemutviklar? Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Om stillingaMed auka behov for brukarvenlege, sikre og stabile digitale løysingar for universitetet søkjer IT-avdelinga å styrke teamet som jobbar med dei digitale studenttenestene, til dømes UiBtreet og læringsplattformen Mitt UiB. Vi jobbar saman i team med stor bredde i arbeidsoppgåvene, og no er vi ute etter ein person som kan utfylle teamet og styrke kompetansen fagleg, teknisk og metodisk.Vi oppfordrar nyutdanna til å søkje!IT-avdelinga har om lag 115 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Les meir om IT-avdelinga her. (https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib)Arbeidsoppgåver:Du inngår som utviklar i eit produktteam som jobbar tett saman om løysingar innanfor det digitale læringsmiljøet.Di hovudoppgåve vil vere å delta i nyutvikling og vidareutvikling av UiB sine løysingar, både eigenutvikla og hyllevareDu og produktteamet må gjennom dialog med brukarar og tenesteeigarar i og utanfor avdelinga forstå brukarane sine behov og omsetje dei til oppgåverDu og produktteamet vil ha det tekniske ansvaret for ei løysing frå konsept til drift i samråd med produkteigar og i samspel med andre relevante IT-ressursar frå avdelingaBidra til å vidareutvikle produktområda ved seksjonen og anna fagmiljø ved IT-avdelingaKvalifikasjonar og eigenskapar:Kompetanse på Linux-plattform for utvikling er eit kravDu er eller har interesse for å utvikle deg til å bli fullstackutviklarErfaring med ein eller fleire av dei følgande teknologiane er ein fordel, men ikkje eit krav:container-teknologi som Docker, Kubernetes og AnsiblePHP, JavaScript/Typescript og Python, gjerne med kompetanse på rammeverka Vue, React, Laravel eller AngularDu har forståing for IT-tryggleik og kjenner til krav til universell utforming av IT-løysingarHar gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelskFor avdelings- og overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitet eller høgskule, eller tilsvarandekvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning. For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanningVi søkjar ein person som Er ein lagspelar som deler sin kompetanse og ser verdien av å gjere andre godeTar initiativ, er nysgjerrig og har evne til å skaffe seg naudsynt kompetanseViser interesse for å finne dei gode og enkle løysingane i samspel med brukarar, systemeigarar og eige teamEr arbeidsvillig og har gjennomføringsevneKan jobbe sjølvstendig, strukturert og er kvalitetsbevisst med auge for detaljarKjenner du deg att i noko, men ikkje alt? Ingen problem, send oss ein søknad der du fortel oss kva du kan og kva du ønsker å arbeide med. Vi har alltid plass til spennande medarbeidarar med ulik bakgrunn.Vi tilbyr:Ein kunnskapsrik, engasjert og fagleg utfordrande organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar og brei kontakt med brukarane ved universitetetArbeidsplass i Bergen sentrumGode moglegheiter for personleg vidareutvikling og kompetansehevingStilling som avdelingsingeniør (kode 1085) med løn kr. 480 900-524 700, overingeniør (kode 1087) løn kr. 575 400-692 400, eller senioringeniør (kode 1181) løn kr. 646 000-745 000 avhengig av ansiennitet og kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseFleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: produktområdeleiar Karianne Omdahl (karianne.omdahl@uib.no, mobil 41413368), eller underdirektør Cecilie Ohm (cecilie.ohm@uib.no, mobil 46474644).Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.UiB er underlagd regelverk for eksportkontroll i vurderinga av søknader til stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Sektor Offentlig Sted Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon IT utvikling / Utvikler (generell)
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma 1098 følger dette firmaet
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.94 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.94 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.94 Senioringeniør
0.93 Seniorrådgjevar
0.93 Driftsutviklar Windows
0.93 Rådgjevar
0.92 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.92 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.92 100% fast stilling bioingeniør
0.91 Forskar (mellombels)
0.91 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør innen automatisering
0.91 Systemutvikler
0.91 Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
0.91 Forskningsteknikar
0.91 Kommunikasjonsdirektør
0.91 Avdelingsleder skole
0.91 Systemutvikler
0.91 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.91 Fagingeniør elektro
0.91 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.91 IT utvikler
0.90 Avdelingsleder
0.90 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.90 Seniorkonsulent
0.90 Seksjonssjef HR
0.90 Avdelingsleder UniPed
0.90 Systemutvikler fagsystem
0.90 Research scientist
0.90 Avdelingsleder
0.90 Senioringeniør Bryteranlegg 1-36kV
0.90 Systemingeniør nettverk
0.90 Systemutviklere
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Senior systemingeniør nettverk
0.90 Seniorkonsulent  / Rådgiver
0.90 Senioringeniør Vern
0.90 Kommunikasjonsdirektør
0.90 Postdoktor
0.90 Senioringeniør
0.90 Avdelingssjef
0.90 Kjøkkensjef
0.90 IT-Utvikler
0.90 Systemutvikler OeBS
0.90 Avdelingsleder Obos Prosjekt avdeling Bergen
0.90 Systemingeniør Nettverk
0.90 avdelingsleder skole
0.89 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.89 Seksjonssjef HR
0.89 VA-ingeniør
0.89 Er du vår nye bioingeniør?
0.89 Avdelingsleder
0.89 Forretningsutvikler IKT
0.89 Forsker
0.89 Seniorrådgivar - barnehage og skole
0.89 Systemutvikler
0.89 IT Konsulent
0.89 Systemforvalter fagsystem
0.89 DevOps-utvikler