Postdoktor
Universitetet i Bergen
Bergen
Postdoktor
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Postdoktor ved SLATE
Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Postdoktorstilling Ved Centre for the Science of Learning & Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei stilling som postdoktor knytt til prosjektet "Artificial Intelligence in Education: Layers of Trust (EduTrust AI) (https://slate.uib.no/projects/artificial-intelligence-in-education-layers-of-trust-edutrust-ai)". Stillinga er for ein periode på 3 år, med høve til eit fjerde år knytt til desentralisert kompetanseutvikling (DeKomp) og relevant undervising.Centre for the Science of Learning & Technology (https://slate.uib.no/) (SLATE) ved Det psykologiske fakultet er eit læringsvitskapleg forskingssenter som driv tverrfagleg forsking på dei teknologiske, pedagogiske, kulturelle, etiske og juridiske aspekta ved læringsanalyse (LA) og kunstig intelligens i utdanning (AIEd) og fremmer ansvarleg bruk av teknologi i utdanninga. Vi er eit dynamisk og inkluderande miljø på rundt 23 personar, inkludert lærarar, forskarar, adjunktar, postdoktorar, ph.d.-kandidatar og støttepersonell. Alle dei tilsette må bidra til senteret sin suksess.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:EduTrust AI (https://slate.uib.no/projects/artificial-intelligence-in-education-layers-of-trust-edutrust-ai) er finansiert av Trond Mohn stiftelse som eit av tre prosjekt knytt til temaet Trustworthy AI. Kandidaten som vert tilsett vil - i nært samarbeid med sin linjeleder - utføre forsking i det nyleg finansierte Trustworthy AI-prosjektet: Artifical Intelligence in Education: Layers of Trust (EduTrust AI). Du vil bli ein del av eit team av SLATE-forskarar og partnarar frå Det juridiske fakultet som samarbeider om å utvikle innsikt, materiale og verktøy for å bygge tillit til bruk av kunstig intelligens i norske skular. Du vil spesifikt medverke til desse måla:O1. Map stakeholder motives and interests in the educational eco-system, map accountability relationships in the educational eco-system, and develop a conceptual framework of the layers of trust for the responsible and trustworthy use of AI in education.O3. Analyse a variety of AI systems in education against the ethical guidelines for trustworthy AI (lawful, ethical, robust) to identify the key requirements and competencies that should be addressed in building trust between the stakeholders as identified in the conceptual framework.O4. Develop a repository of communication processes, guidelines, materials and tools (e.g., games) to address trust in AI in education for multiple stakeholders (parents, students, teachers, privacy officers, EdTech companies, etc.), thus increasing their knowledge of responsible use of AI in education.Den som får stillinga vil:bidra til at SLATE oppfyller sitt breie nasjonale mandat gjennom samarbeid om prosjekt og initiativdelta i banebrytande forsking i EduTrust AI-prosjektet i ein internasjonal kontekst og bidra til senteret er synleg og publisere denne forskinga på internasjonalt nivåbidra til å formidle prosjektresultata og kunnskap om prosjektet på relevante arenaerdelta i utviklinga av SLATE si undervisingsportefølje, inkludert ein ny master i læringsvitskap og ph.d.-kurs knytt til 21st Century Skills, som samarbeid og problemløysingdelta i rettleiing av ph.d.-kandidatar, masterstudentar og potensielt bachelorstudentar i samarbeid med linjeleder, når det er moglegdelta i utvikling og gjennomføring av etter- og vidareutdanning, sensur/eksamensarbeid og andre faglege administrative oppgåver ved senteretbidra til formidling, informasjonsarbeid og samfunnskontakt ved senteretvære mentor for yngre forskararbidra til strategiarbeid innanfor senteret sitt oppdrag og søke som PI eller co-PI om konkurransedyktig ekstern finansieringKvalifikasjonar og eigenskapar:Du må ha ein grad som svarar til ein norsk doktorgrad i pedagogikk, utdanningsvitskap, læringsvitskap, psykologi eller sosiologiDu må ha røynsle med skule-/klasseroms forsking, kvalitative metodar og utvikling av læremidlarDet er ein klar fordel med røynsle med data literacyDokumenterte forskingsresultat med fagfellevurderte publikasjonar i fagfellevurderte internasjonale tidsskriftDitt forskingsprosjekt må vere tett knytt til EduTrust AI-prosjektet, spesielt målsetningar O1, O3 og O4Evne til å arbeide sjølvstendig, sterkt personleg engasjement og gode administrative ferdigheiterVere kreativ, handlekraftig og ha evne til å samarbeide med andre, særleg med tanke på at prosjektet inngår i eit tverrfagleg og internasjonalt samarbeidFlytande munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk er eit krav på grunn av forsking i norsk skuleGode kunnskapar i engelsk, munnleg som skriftlegSist, men ikkje minst, entusiasme, stort engasjement og glede ved forskingOm postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 3 år, med høve til eit fjerde år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Ved postdoktorstilling knytt til eksternt finansierte prosjekter, vil fullføring av planen for kvalifikasjonsarbeidet skje i dialog med prosjektleiar/senterleiar. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Vi tilbyr:Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøBrutto årsløn som postdoktor (kode 1352) kr 615 700 (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Søknaden skal innehalde:Ei utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjon for å søke stillinga, med eit avsnitt om korleis du oppfyller kvalifikasjonskriteria lista opp over, og korleis dine forskingsinteresser er knytt til forskingsprosjektet (5-6 sider). Sjå prosjektet si nettside (https://slate.uib.no/projects/artificial-intelligence-in-education-layers-of-trust-edutrust-ai) for informasjon om prosjektmåla.CV Karakterutskrift og vitnemål som viser at du har fullført ein ph.d.-grad.Relevante attestar/sertifikat som bekrefter tidlegare jobbar (på skandinavisk eller engelsk).Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)Vitskaplege publikasjonar som du ønsker å sende inn til vurdering, maks. 10 stk (1 må vere ph.d.-avhandlinga)Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør helst vere hovudrettleiaren frå ph.d.Søkarar med utanlandsk utdanning må òg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakterutskriftene og tilleggsdokumentasjonen ikkje er på eit av desse språka. Sjå: Utdanning fra utlandet | HK-dir (hkdir.no) (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet) for meir informasjon om generell godkjenning av høgare utdanning.Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vi gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen og dei vedlegg som er knytt til søknaden i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden. Generell informasjon:Ytterlegare informasjon om EduTrust AI-prosjektet og stillinga kan du få ved å kontakte:Direktør for SLATE, professor Barbara Wasson, e-post: barbara.wasson@uib.no, Tlf.: + 47 91141297Praktiske spørsmål om søknadsprosess kan du rette til:Administrasjonssjef Jorunn Viken, e-post: jorunn.viken@uib.no, Tlf.: +47 90131832Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Sted
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma
1098 følger dette firmaet
Christiesgate 12, 5015 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto