Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
None
Trondheim
BeskrivelseDette er NTNUNTNU er eit breiddeuniversitet med ein teknisk-naturvitenskapeleg hovudprofil og eit tyngdepunktinnafor profesjonsutdanning. Universitetet er lokalisert i tre byar med hovudsete i Trondheim.På NTNU jobbar 9 000 ansatte og 44 000 studentar med å skape kunnskap for ei betre verd.Du finner mer informasjon om NTNU som arbeidsplass og søknadsprosessen her. Om stillingenVed Institutt for psykologi er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat i klinisk vaksenpsykologi for ein periode over 4 år med 25 % arbeidsplikt ved instituttet i form av undervisning eller andre oppgåver etter nærare avtale. Stilling som stipendiat har fullført doktorgradsutdanning fram til doktorgrad som mål.Stipendiatstillinga skal være tilknytt prosjektet AtWork som er eit prosjekt med finansiering frå Noregs Forskingsråd, koordinert av Folkehelseinstituttet. I prosjektet AtWork vil vi undersøke om kognitiv funksjon påverkar effekt av behandling og retur til arbeid for pasientar med depresjon og angst som er sjukmeldte. Datainnsamling vil gjennomførast ved Diakonhjemmet sykehus og Poliklinikk psykiske helse og arbeid. Pasientane får behandling med metakognitiv terapi og arbeidsfokus. Institutt for psykologi har omkring 1300 studentar og meir enn 150 tilsette. Instituttet har eit stort og variert fagmiljø med brei kompetanse innan psykologi. Me tilbyr psykologutdanning, og studiar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. Instituttet driv òg tre psykologiske opplæringsklinikkar (poliklinikkar): voksen-, barn- og nevroklinikk. Instituttet har utstrekt forskingssamarbeid, både internt og med andre forskingsmiljø nasjonalt og internasjonalt.Din næraste leiar er instituttleiar.ArbeidsoppgåverDatainnsamling med kognitive testar ved hjelp av den digitale plattforma MEMOROOmfattande kontakt med pasientar og noko klinisk arbeidDataanalysar i behandlingsprosjektetSkrive og publisere vitskaplege artiklar i anerkjende internasjonale tidsskriftArbeidsplikt ved instituttet i form av undervisning eller andre oppgåver etter nærare avtale KvalifikasjonskravDu må vera utdanna cand. psychol og ha autorisasjon som psykolog i Noreg.Du må ha gode kliniske ferdigheiter då det er utstrekt pasientkontakt i prosjektet.Kandidaten må ha god formidlingsevne munnleg og skriftleg på norsk.Du må ha ein sterk fagleg bakgrunn frå det tidlegare studiet ditt, og ha ein gjennomsnittskarakter frå mastergradstudiet, eller tilsvarande utdanning, som er lik B eller betre samanhaldt med NTNUs karakterskala. Dersom du ikkje har bokstavkarakterar frå tidlegare studium skal du ha eit like godt fagleg grunnlag. Dersom du har svakare karakterbakgrunn vil du kunna bli vurdert dersom du kan dokumentera at du er særskild eigna til ein ph.d.-utdanning.Du må oppfylla krava til opptak på doktorgradsprogrammet til fakultetet. God kjennskap til behandlingstilnærminga metakognitiv terapi og arbeidsfokus.Me viser til Forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat og Forskrift for gradene philosophiae doctor (ph.d.) og philosophiae doctor (ph.d.) i kunstnarisk utviklingsarbeid ved Noregs teknisk–naturvitskapleg universitet (NTNU) for generelle kriterium for stillinga.Ønskte kvalifikasjonarForskingserfaring som publikasjonar i fagfellevurderte tidsskrift og involvering i forsking Gode formuleringsevner på engelsk Klinisk erfaring med pasientgruppa Personlege eigenskaparEvne til å arbeida sjølvstendigGode samarbeidsferdigheiterGod evne til struktur og organisering av eige arbeidLøysingsorientert tilnærming til oppgåverVed vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på personleg egnethet, og dessutan motivasjonen din for stillinga.Me tilbyrspennande og utviklande oppgåver i eit sterkt og internasjonalt fagmiljøope og inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaergunstige vilkår i Statens pensjonskasseansattegoder og fordelerLønn og vilkårI stillinga som stipendiat kode 1017 vil du normalt lønnast med brutto kr 532 500 pr. år avhengig av kvalifikasjonar og ansiennitet. Frå lønna blir trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse. Tilsetjingsperioden er 4 år med 25 % pliktarbeid. For tilsetjing i stipendiatstilling er det ein føresetnad at du får opptak til ph.d.-programmet innan psykologi innan tre månader etter oppstart, og at du deltek i eit organisert doktorgradsstudium innanfor tilsetjingsperioden.Tilsetjinga blir gjennomført etter prinsippa i statsansatteloven, og lovverk som regulerer eksport av kunnskap, teknologi og tenester. Etter tilsetjinga må du rekna med at det kan skje endringar i arbeidsområdet.Stillinga er avhengig av ekstern finansiering.Det er ein føresetnad at du kan vera til stades ved og tilgjengeleg for institusjonen på dagleg basis. Om søknadenPublikasjonar og andre vitskaplege arbeid som du ønskjer det skal takast omsyn til ved vurdering, må følgja søknaden. Me gjer merksam på at søknaden berre blir vurdert ut frå den informasjonen me har ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden din tydeleg viser korleis ferdigheitene og erfaringane dine oppfyller kriteria som er beskrivne over. Søknaden må inneholde:CV og attesterkarakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Ein kopi av masteroppgåva. Viss du nyleg har levert masteroppgåva, kan du leggja ved eit utkast av oppgåva. Dokumentasjon av fullført mastergrad må visast fram før oppstart i stillinga.prosjektskisse forskingsplanpublikasjonar el anna relevant forskingsarbeid, dersom du har det. namn og kontaktinformasjon til tre relevante referansarDersom heile eller delar av utdanninga di er teken i utlandet, ber me deg i tillegg leggja ved dokumentasjon på omfang og kvalitet for heile utdanningsløpet ditt, både bachelor- og masterutdanning, i tillegg til anna høgare utdanning. Skildring av kva dokumentasjon som er nødvendig finn du her. Dersom du allereie har ei fråsegn frå NOKUT, er det fint om du legg ved ho òg. Me tek omsyn til fellesarbeidar. Dersom det er vanskeleg å identifisera innsatsen din i fellesarbeida, må du leggja ved ei kort forklaring for medverknaden din.Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege og mellommenneskelege eigenskapar. Motivasjon for stillinga, ambisjonar og potensial for forsking vil òg telja ved vurdering av kandidatane.NTNU forpliktar seg til å følgja evalueringskriterium for forskingskvalitet i samsvar med The San Francisco Declaration on Research Assessment – DORA.Generell informasjonNTNU meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing av samfunnsoppdraget vårt innan forsking og utdanning. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.Som tilsett ved NTNU må du til kvar tid retta deg etter endringar som utviklinga i faget medfører, og dei organisatoriske endringane som blir vedtekne. Offentleg søkarliste med namn, alder, stillingstittel og bustadkommune blir utarbeidd etter utløpet av søknadsfristen. Dersom du ønsker å reservera deg frå oppføring på offentleg søkarliste må dette grunngivast. Vurdering vil bli gjort i samsvar med gjeldande lovverk. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje. Viss du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med Odin Hjemdal, tlf. 93261085, e-post odin.hjemdal@ntnu.no. Viss du har spørsmål om tilsetjingsprosessen kan du ta kontakt med Kristin Skogen, e-post: kristin.skogen@ntnu.no. Synes du dette ser interessant ut, og i samsvar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via jobbnorge.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Merk din søknad med referansenummer: SU-910.Søknadsfrist: 09.10.2023
Dragvoll, 7491 TrondheimStort kartHybridkartFlyfoto