Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk

Høgskulen på Vestlandet
Bergen, Sogndal, Haugesund, Førde, Stord
Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk
Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet Stillingstittel Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk Frist 06.11.2023 Ansettelsesform Engasjement
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat innan yrkesdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrettOm stillinga:Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er det ledig 1 mellombels stilling som stipendiat innanfor yrkesdidaktikk. Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd innanfor yrkesdidaktikk og for ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar".HVL har eit aktivt fag- og forskingsmiljø knytt til det yrkesdidaktiske og yrkespedagogiske feltet. Til denne stipendiatstillinga ønskjer me prosjekt som utforskar problemstillingar om  læring og kompetanseutvikling innanfor ein yrkes- og profesjonsfagleg kontekst. Analyse av læring og danning i ulike opplæringskontekstar, og utforsking av ulike kunnskapsformer og tradisjonar innanfor det yrkesdidaktiske forskingsfeltet, er sentrale arbeidsområde i fakultetet som me ønskjer prosjektsøknader på.Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 48 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/).Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. Det er viktig at ph.d.-prosjektet vert nært knytt til forskingsaktiviteten ved fakultetet. Dersom søkjar er usikker på innretninga til forskingsaktiviteten til fakultetet, kan leiarane av dei strategiske forskingsprogramma konsulterast.Samla stipendiatperiode er 4 år medrekna 25% pliktarbeid. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Bergen, Stord eller Sogndal i tilsettingsperioden.Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.Det er ønskeleg med tiltreding 15. april.Ansvars- og arbeidsområde:Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år, der 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, fou-arbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL.I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet, er det forventa at stipendiaten:bidreg konstruktivt inn i forskargruppapresenterer eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskriftKvalifikasjonskrav:Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet "Danning og didaktiske praksisar" ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/for-deg-som-vil-soke-opptak-til-ph.d.-programmet/):Søkar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande innanfor yrkesdidaktikk/ yrkespedagogikk/pedagogikk/utdanningsvitskap, og kunne dokumentere gode studieresultat. Ved søknadsfristen skal mastergrad vere oppnådd og den skal ikkje vere eldre enn 5 år.Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakter: Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betreMasterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betreSøkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på 5 sider (litteraturlista kan koma i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjev tema/problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten. Prosjektskisser av høg vitskapleg kvalitet på forskingsområde til FLKI vil bli prioritert. Søkjar må ha kjennskap til det norske systemet for fag- og yrkesopplæringNærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/). Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. I denne perioden vidareutviklar stipendiaten prosjektskissa si til ei fullverdig prosjektskildring under rettleiing og søkjer om opptak i ph.d.-programmet. Eigne rettleiarar til korleis du søkjer opptak til ph.d.-programmet finn du HER (https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning/studier-av-danning-og-didaktiske-praksisar/for-deg-som-vil-soke-opptak-til-ph.d.-programmet/). Stipendiatar som vert tilsett vil bli oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.Ønska kvalifikasjonar:Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.Personlege eigenskapar:Den som vert tilsett måha gode samarbeids- og formidlingsevnerha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibelhøg etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen)Korleis søkje på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillingen" på denne sida.Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;masteroppgåvaprosjektskildringinntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderingafullstendig publikasjonslisteattestar og vitnemål.Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT (https://www.nokut.no/) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasseSpennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utviklingHøve for trening i arbeidstidaStillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, tilsvarande lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:Prodekan for forsking, Vegard Fusche Moe tlf 57 67 60 37 / 922 84 709
Om arbeidsgiveren Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett.  HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 630 studentar og 553 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Sektor Offentlig Sted Inndalsveien 28, 5063 Bergen Flere arbeidssteder 6856 Sogndal, 5528 Haugesund, 6812 Førde, 5414 Stord Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Undervisning og pedagogikk
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Vegar Fusche Moe Stillingstittel Prodekan for forsking Telefon 92 28 47 09 Send melding
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Høgskulen på Vestlandet
Følg firma 920 følger dette firmaet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.97 Stipendiat i universitetspedagogikk
0.94 Stipendiat i areal og eiendom
0.94 Stipendiat i rettsvitenskap
0.94 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.94 Stipendiat
0.93 Stipendiatstilling i matematikk/matematikkdidaktikk
0.93 Stipendiat innen kvantitativ helse- og omsorgstjenesteforskning
0.93 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.93 Førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk
0.93 Stipendiat
0.92 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.92 Stipendiat innan matematikkdidaktikk
0.92 Stipendiat i maritim organisatorisk sikkerhet
0.92 Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
0.92 Prodekan forskning
0.92 Revisor
0.92 Prodekan for utdanning
0.92 Undervisningsstilling som yrkesfaglærer/allmennlærer/barnehagelærer/spesialpedagog 100% vikariat
0.91 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.91 Fagskolen i Viken, søker faglærer innen studier i ledelsesfag og prosjektledelse.
0.91 Stipendiat i kjønnsstudier
0.91 Instruktør/pedagog ved Kompetansesenteret
0.91 Stipendiat i profesjonsvitenskap med fokus på kroppsøving og pedagogikk - Levanger
0.91 Undervisningsstillinger i norsk med andre fag i inntil 200%, fast og vikariat.
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan intensivsjukepleie, campus Bergen
0.91 Stipendiatstilling innen utdanningsrelatert forskning og teoretisk kunnskapsutvikling i sosialt arbeid
0.91 Stipendiat
0.91 Undervisningsstilling i norsk, engelsk og historie
0.91 Undervisningsstilling - Naturfag
0.91 Årsvikariat som faglærer ved avdeling for teknologi og industrifag
0.91 Undervisningsstillinger
0.91 Stipendiat i matematikk
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Stord
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.91 Høyskolelektor i markedsføring - Bergen
0.90 Avdelingsleder UniPed
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.90 Høgskolelektor i spesialpedagogikk
0.90 Undervisningsstilling - Matematikk
0.90 Førsteamanuensis / førstelektor  innan operasjonsjukepleie, campus Førde
0.90 Seksjonsleder ved seksjon for idrett og kroppsøving
0.90 Lærer i norsk
0.90 Undervisningsstillinger innen fellesfag og realfag
0.90 Lærer hos Bergen læringssenter for norsk og samfunnskunnskap
0.90 Utdanningsleiar maskin og prosess
0.90 Lærer
0.90 Stilling som faglærer i maritime maskinfag / elektro, automasjon fag.
0.90 Undervisningsstilling i matematikk, naturfag og kroppsøving
0.90 Vikariat - Lærer i norskopplæringen
0.90 Prosjektleiar
0.90 Lærer matematikk og naturfag
0.90 Lærer matematikk og naturfag
0.90 Nome vgs. Undervisningsstilling i helse- og oppvekstfag
0.90 Prosjektstilling 50 % innenfor videregående opplæring for voksne (VOV)
0.90 Rådgjevar
0.90 Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen regi ved avdeling Teaterhøgskolen
0.90 Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
0.90 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Sogndal