Stipendiat innan matematikkdidaktikk
Høgskulen i Volda
Volda
Stipendiat innan matematikkdidaktikk
Arbeidsgiver
Høgskulen i Volda
Stillingstittel
Stipendiat innan matematikkdidaktikk
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Engasjement
Stipendiat i matematikkdidaktikk - korleis endrar programmering matematikkundervisninga
Om prosjektetVed Høgskulen i Volda er det ein ledig 100 % stilling som doktorgradsstipendiat i matematikkdidaktikk knytt til forskingsprosjektet "Programming for developing mathematical competencies".I dette forskingsprosjektet vil du arbeide i ei forskingsgruppe saman med andre doktorgradsstipendiatar, forskarar, master-studentar, og lærarar for å studere korleis programmering kan knytast saman med matematikkundervisning.Programmering er i dei seinare åra inkludert i læreplanane i fleire land, også i Noreg, der programmering mellom anna er plassert i matematikkfaget. Sjølv om programmering no har vore i læreplanen i fleire år er mange lærarar framleis usikre på korleis dette skal bli undervist i praksis. Forskingsprosjektet "Programming for developing mathematical competencies" har som mål å undersøkje korleis programmering kan bli ein integrert del av matematikkundervisninga, med fokus på å støtte elevane si utvikling av matematisk kompetanse. Prosjektet vil gjennomføre ei syklisk utvikling av undervisningsopplegg der opplegg blir valt ut basert på forskingslitteratur, gjennomført i skulen, og evaluert. Ein viktig del av prosjektet er formidling, og du vil i denne stipendiatstillinga kunne få påverke kva retning programmering skal ta i norsk skule.Fokuset i stillinga vil vere på elev-lærar-interaksjonar i matematikkundervisninga, og du vil vere med å forske på korleis programmering påverkar interaksjonar i klasserommet. Forskingsprosjektet ligg tett på praksis, og du vil ta del i utvikling av undervisningsmateriell og praksisar som skal bli evaluert opp mot kjerneelementa i læreplanen i matematikk. Utviklinga og analysen vil skje i samarbeid med andre i prosjektet. Vi søkjer derfor breitt, og aktuelle kandidatar kan ha bakgrunn som lærar/lektor i skulen, UH-sektoren eller disiplinfag. Vi ser etter deg med interesse for kombinasjonen læring, matematikk og programmering.Om stillingaStipendiaten vert tilsette for ein periode på tre år. Tidpunkt for tilsetjing blir avklara i tilsetjingsprosessen.Arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda. Arbeidet vil innebere ein del reising til blant anna Universitetet i Agder (UiA). Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og dei får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogrammet i teknologi og realfag (https://www.uia.no/forskning/forskerutdanning-ved-uia/forskerutdanningsprogram/ph.d.-program-innen-teknologi-og-realfag)med spesialisering i matematisk vitskap ved (https://www.uia.no/studier/forskerutdanning/specialisation-in-mathematical-sciences) UiA. Dokumentasjon på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Ein vil då inngå endeleg avtale om å starte i stillinga. Ei stipendiatstilling er ei utdanningsstilling som først og fremst skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling der målet er forskarutdanning og doktorgrad. Stipendiatstillingar er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.KvalifikasjonarSøkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande i matematikk, informatikk, realfag, lærarutdanning, lektorutdanning eller ha anna relevant mastergrad. Søkjarar som har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen, kan også vurderast. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.Andre kvalifikasjonar som vert vektlagde er:kompetanse i matematikk, programmering og didaktikkkjennskap til norsk skuleferdigheiter i skriftleg og munnleg norskkunne arbeide sjølvstendig og strukturertferdigheiter i skriftleg og munnleg engelskpersonlege og mellommenneskelege eigenskaparambisjonar og potensialVi tilbyreit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøfleksibel arbeidstidStipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er stipendiatar si startløn kr. 532 000,- Det er lagt opp til ei jamn lønsutvikling i perioden.medlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarOm søknaden Søknaden skal innehalde: ei utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser, kvalifikasjonar og motivasjonen for å søkje stillinga. Denne teksten kan også inkludere eit utkast til forskingsplan og skissere relevante og interessante forskingsspørsmålCVkarakterutskrifter og vitnemål frå relevant utdanning. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden, må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.relevante attestareventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåve)Søknad må skrivast på norsk, og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillingaOffentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.Generell informasjonVed HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet). Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.KontaktNærare opplysningar får du ved å kontakteRunar Lie Berge, epost: runar.lie.berge@hivolda.no, telefon, +47 41576703, arbeidspakkeleiar i "Programming for developing mathematical competencies"Andreas Brandsæter, epost: andreas.brandsaeter@hivolda.no, telefon: +47 47633851, leiar av "Programming for developing mathematical competencies"Studiebygda VoldaMidt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.Les meir på www.hivolda.no (http://www.hivolda.no)
Om arbeidsgiveren
Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor
Offentlig
Sted
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Høgskulen i Volda
Følg firma
23 følger dette firmaet
Joplassvegen 11, 6103 Volda
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto