Stipendiatstilling i matematikk/matematikkdidaktikk
Arbeidsgiver Høgskulen i Volda Stillingstittel Stipendiatstilling i matematikk/matematikkdidaktikk Frist 15.11.2023 Ansettelsesform Engasjement
Stipendiat i matematikk/matematikkdidaktikk - maskinlæring og kunstig intelligens i skolen Om stillingaHøgskulen i Volda lyser ut ei 100 % stilling som doktorgradsstipendiat i matematikk/matematikkdidaktikk knytt til forskingsprosjektet  "Programming for developing mathematical competencies". Stipendiaten vil vere med å forske på korleis undervisning og kompetanse knytt til maskinlæring og kunstig intelligens kan introduserast i skulen.Ei stipendiatstilling er ei utdanningsstilling som skal gi lovande forskarar høve til fagleg utvikling der målet er forskarutdanning og doktorgrad. Stipendiatstillingar er viktige rekrutteringsstillingar til vitskapelege stillingar ved universitet og høgskular.Stipendiaten vert tilsett for tre år. Tidspunkt for oppstart blir avklara i tilsettingsprosessen.Arbeidsstad er ved Høgskulen i Volda. Noko reising, både til NTNU i Ålesund og NTNU i Trondheim samt andre stader må reknast med. Som tilsett ved høgskulen får stipendiatar tenlege kontor og utstyr, og får tildelt årlege driftsmidlar etter gjeldande satsar.Eit vilkår for å starte i stillinga er opptak i doktorgradsprogram ved NTNU. Dokumentasjonen på opptak i doktorgradsprogrammet må ligge føre innan seks månader etter at ein har fått tilbod om stipendiatstilling. Meir informasjon om doktorgradsprogrammet i Datateknologi og informatikk finnes her (https://www.ntnu.no/studier/phcos). Om prosjektetI dette forskingsprosjektet vil du arbeide saman med masterstudentar, doktorgradsstipendiatar, forskarar og lærarar for å studere korleis ein kan inkludere programmering i matematikkundervisninga.Programmering er i dei seinare åra inkludert i læreplanane i fleire land, også i Noreg, der programmering mellom anna er plassert i matematikkfaget. I arbeidet i denne stipendiatstillinga vil du vere med å forske på moglegheiter og utfordringar knytt til maskinlæring og kunstig intelligens i skulen. Dette kan inkludere tema som korleis data påverkar predikasjonar og modellar, kva etiske vurderingar ein må gjere i arbeid med og bruk av kunstig intelligens, og korleis kan ein vurdere føresetnadar og uvisse av maskinlæringsmodellar. Gjennom dette arbeidet får du vere med å bidra til kunnskap som vil vere viktig for vidare innføring av programmering i skulen.Forskingsprosjektet ligg tett på praksis, og du vil ta del i utvikling av undervisningsmateriell og praksisar som skal bli evaluert opp mot kjerneelementa i læreplanen i matematikk. Vi søker derfor etter deg med interesse for kombinasjonen skule og undervisning, matematikk og programmering.KvalifikasjonarSøkarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande innanfor matematikk, informatikk, realfag, lærarutdanning, lektorutdanning eller anna relevant mastergrad. Søkarar som har levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute kan også vurderast. Dersom du har tilsvarande utdanning til mastergrad, eller utdanning frå utlandet, må du legge ved godkjenning frå NOKUT.Elles må søkaren:ha god kjennskap til norsk skuleha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg norskha gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg engelskkunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevnerha god kompetanse innan minst to av følgjande: matematikk, didaktikk og programmeringPersonlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.Vi tilbyreit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøfleksibel arbeidstidStipendiatstillinga er løna i statens lønsregulativ, og ved HVO er stipendiatar si startløn kr. 532 000,- Det er lagt opp til ei jamn lønsutvikling i perioden.medlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarGenerell informasjonVed HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/hvordan-bli-en-mer-inkluderende-virksomhet). Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillingaOffentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge. Søknaden skal innehalde:ei utgreiing om eigne forskingsinteresser, kvalifikasjonar og motivasjonen for å søkje stillinga. Denne teksten kan og inkludere eit utkast til forskingsplan og skissere relevante forskingsspørsmålCVkarakterutskrifter og vitnemål frå relevant utdanning. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.relevante attestareventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)eventuelle publikasjonar (inkludert masteroppgåve)Skriv søknaden på norsk. Last opp vedlegg med attesterte omsettingar til engelsk eller eit skandinavisk språk i JobbNorge.KontaktNærmare opplysningar får du ved å kontakteAndreas Brandsæter, prosjektleiar for "Programming for developing mathematical competencies" på e-post: andreas.brandsaeter@hivolda.no, eller telefon: +47 47633851.Studiebygda VoldaMidt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.Les meir på www.hivolda.no (http://www.hivolda.no)
Om arbeidsgiveren Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.
Sektor Offentlig Sted Joplassvegen 11, 6103 Volda Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Forskning/Stipendiat/Postdoktor
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Høgskulen i Volda
Følg firma 23 følger dette firmaet
Joplassvegen 11, 6103 Volda Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.98 Stipendiat innan matematikkdidaktikk
0.94 Stipendiat i matematikk
0.93 Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk
0.92 Stipendiat
0.92 Førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk
0.92 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.92 Stipendiat i universitetspedagogikk
0.92 Undervisningsstilling - Matematikk
0.91 Stipendiat innen kvantitativ helse- og omsorgstjenesteforskning
0.91 Stipendiat
0.91 Stipendiat i rettsvitenskap
0.91 Undervisningsstilling i matematikk, naturfag og kroppsøving
0.90 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.90 Lærer matematikk og naturfag
0.90 Lærer matematikk og naturfag
0.90 Lærer til leksehjelp/fagstøtte i matematikk
0.90 Stipendiat i kjønnsstudier
0.90 Vikariat i matematikk og naturfag
0.90 Stipendiat i areal og eiendom
0.90 Vikariat i matematikk
0.90 Stipendiat i maritim organisatorisk sikkerhet
0.90 Førsteamanuensis/professor i matematikk
0.90 Faglærer matematikk
0.90 Stipendiatstilling i logistikk med fokus på offentlig transport i et bærekraftig samfunn
0.90 Stipendiatstilling innen utdanningsrelatert forskning og teoretisk kunnskapsutvikling i sosialt arbeid
0.90 Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen regi ved avdeling Teaterhøgskolen
0.89 Stipendiat i profesjonsvitenskap med fokus på kroppsøving og pedagogikk - Levanger
0.89 Doktorgradsstipendiater 2024
0.89 Stipendiat
0.89 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.89 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.89 Ph.d stilling - Digitale helsetjenester til personer med samtidige sykdommer
0.89 Postdoktor
0.89 Doktorgradsstipendiat i kunstnerisk utviklingsarbeid innen klesdesign og kostymedesign avd. Design
0.89 Lærer i fagene matematikk og naturfag
0.89 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.88 Faglærer Realfag - matematikk og geografi
0.88 Undervisningsstilling i norsk, engelsk og historie
0.88 Stipendiat i arkeologi
0.88 Undervisningsstilling som yrkesfaglærer/allmennlærer/barnehagelærer/spesialpedagog 100% vikariat
0.88 Faglærer
0.88 Adjunkt (videregående skole)
0.88 Lærar
0.88 Instruktør/pedagog ved Kompetansesenteret
0.88 Forsker
0.88 Undervisningsstilling ved Odda vidaregåande skule
0.88 Prodekan forskning
0.88 Undervisningsstillinger i fellesfag
0.88 Høgskolelektor i spesialpedagogikk
0.88 Årsvikariat som faglærer ved avdeling for teknologi og industrifag
0.88 Undervisningsstillinger i norsk med andre fag i inntil 200%, fast og vikariat.
0.88 Vikariat - Lærer i norskopplæringen
0.88 Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
0.88 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.88 Undervisningsstilling på fagskule i anleggsfag
0.88 Undervisningsstilling - Naturfag
0.88 Stilling som faglærer i maritime maskinfag / elektro, automasjon fag.