Forsker
None
Bergen
BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Forskar Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjekt «Towards personalized therapies in childhood diabetes: Role of rare genetic variants for diagnosis and treatment». Prosjektet har ei førebels finansiering i 2 år.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Forskaren vil arbeida med funksjonelle studiar av transkripsjonsfaktoren "hepatocyte nuclearfactor 1 alpha" (HNF-1A). Patogene variantar i genet som kodar for HNF-1A kan forårsakediabetes, kalla "maturity-onset diabetes of the young" (MODY). Prosjektet vil fokusera på å definere funksjonen til HNF-1A og korleis ulike patogene variantar kan forårsakeHNF-1A dysfunksjon og sjukdom. Nokre av desse variantane finst i Barnediabetesregisteret.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgradDet er naudsynt at forskaren har omfattande laboratoriekvalifikasjonar innan biokjemiske og biofysiske metodarRøynsle med diabetesforskning er naudsyntRøynsle innan strukturbiologi vil bli tillagt vektDet er ønskjeleg at vedkomande har erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar, og det er eit krav at søkjar har minst to førsteforfattarskap innan diabetes, biokjemi og/eller strukturbiologi.Evne til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid vert vektlagt i vurdering av søkjarane Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forskingSøkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelskDet er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeidVi kan tilby:Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan diabetesLøn for tida kr 624 500 (kode 1109, lønssteg 64) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 646 000 (kode 1109, lønssteg 66), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denneEi oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desseDoktorgradsavhandlinga (i PDF-format)To referansar (namn og kontaktinformasjon)Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknadenSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:Forskaren skal vere medlem i forskningsgruppa som fagfeltet hører innunderLønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiertForskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidler til fagmiljøet, tilbåde seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelderForskaren har i vente å ha si forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren ogforskingsgruppa rundt forskaren arbeider medInstituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjektForskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiBForskaren har ikkje undervisingsplikt, men har i vente å rettleia master- og ph.d. studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda iforskingsgruppaForskaren kan søke kompetanseopprykk etter reglementet for opprykkGrunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lovom statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Pål Njølstad, e-post pal.njolstad@uib.noUiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Jonas Lies vei 87, 5021 BergenStort kartHybridkartFlyfoto