BeskrivelseUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk)Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) i tre (3) år frå tilsetjing. Stillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) ved Helse Førde. Arbeidsstad er ved Førde sentralsjukehus.Vi søkjer ein medarbeidar som saman med tilsette ved instituttet vil bidra til framifrå undervisning.Arbeidsoppgåver:Stillinga inneheld oppgåver innanundervisning, rettleiing og tilrettelegging, først og fremst knytt til undervisning i gynekologi og obstetrikk for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen som har praksisopphald eller anna undervisning ved Førde sentralsjukehusgenerell undervisning og undervisning i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har kan verte pålagtadministrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammerDen som vert tilsett, vert del av undervisningsgruppe for gynekologi, og vil få delansvar for utforming av undervisning i gynekologi og obstetrikk for medisinstudentar frå Universitetet i Bergen.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha norsk cand.med. - grad eller tilsvarande kompetanseSøkjar må ha spesialistutdanning i gynekologi og obstetrikk eller oppnå denne spesialiteten innan to (2) årDet er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, og også engasjement og interesse for undervisningErfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar er ønskjelegDet er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring inklusiv erfaring med populærvitskapleg formidlingDet vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.Vi tilbyr:Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøFaglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutviklingLøn er for tida kr 584 500 – 646 000  (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønMedlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillingaCVKarakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestarDokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanseTo referansar (namn og kontaktinformasjon)Dersom du driv forsking legg du og ved:Fullstendig publikasjonslisteVitskaplege arbeid (maks 10) i PDF-formatDet er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF).Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til utdanningsleiar professor Mette Nåmdal Vesterhus, tlf.: 46 90 30 96 eller e-post: mette.vesterhus@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Svanehaugvegen 2, 6812 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Universitetslektor SKO 1009
0.95 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.95 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.95 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.94 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.94 Universitetslektor i medisin (obstetrisk ultralyd)
0.94 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.93 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.93 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.92 Postdoktor
0.92 Forsker
0.92 Universitetslektor/høgskolelærer i sykepleie, Narvik - vikariat for ett år
0.92 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.91 Mellombels forskar
0.91 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.91 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.91 Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
0.91 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.91 Lege i spesialisering 2-3, 100% vikariat
0.91 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.91 Instruktørtannlege
0.91 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.91 Overlege/spesialist i fødselshjelp og kvinnesykdommer
0.91 Forskar (mellombels)
0.90 Overlege kombinert med professor II/førsteamanuensis
0.90 Studieveileder
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.90 Jordmor/helsesykepleier/sykepleier
0.90 Lege i spesialisering
0.90 Forskningsteknikar
0.90 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.90 Sjukepleiar
0.90 Overlege kombinert stilling med åremålsstilling som professor II/førsteamanuensis (nevro)
0.90 Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (CISMAC/BCEPS)
0.90 Lege i spesialisering
0.90 Professor II /førsteamanuensis 20 % i psykiatri - BUP, PHA
0.90 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.90 Fagansvarlig for helse- og omsorgsfag ved Universitetsbiblioteket
0.90 Sykepleierstudent/pleieassistent
0.90 Faglig leder/Klinisk ernæringsfysiolog
0.90 Klinisk ernæringsfysiolog
0.90 Lege i spesialisering
0.90 Lege i spesialisering
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Sykepleier 100% svangerskapsviakriat
0.90 Lege i spesialisering
0.90 Professor II /førsteamanuensis 20 % i nevrologi ved UiO Campus Sør
0.90 Overlege - Nevrologi
0.90 Klinikksjef
0.90 Forskningsykepleier
0.90 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.90 Overlege
0.90 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.90 Professor i veiledningspedagogikk med vekt på forskningsveiledning
0.90 Sykepleierstudent
0.90 Lærer
0.90 Overlege
0.90 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat