BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Postdoktorstilling Ved Det medisinske fakultet, Institutt for global helse og samfunnsmedisin, er det ledig ei stilling som postdoktor (100 %) for ein periode på tre år (fire år dersom søkjar oppheld seg eit år ved ein internasjonal forskingsinstitusjon). Postdoktoren vil være knytt til to Sentre for framifrå forsking, det eksisterande Senter for intervensjonsstudier i mødre- og barnehelse (CISMAC) og det nyetablerte Bergen Senter for etikk og prioritering (BCEPS). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Å leie arbeidet med ulikhets-justerte kostnad-effekttersklar for utvalde mødrer- og barneintervensjonar (inkludert barnekreft) som er relevante for å inkludere i ein grunnleggande helsepakke i lav- og mellominntektslandÅ modellere kostnader og effektar i FairChocies DCP Analyseverktøy for utvalde mødrer- og barnehelseprogram (inkludert barnekreft)Basert på dette arbeidet, å publisere minst tre artiklar i fagfellevurderte internasjonale tidsskrifterKvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innan feltet medisin og ein kvantitativ disiplin som helseøkonomi eller ha levert doktoravhandlinga innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje og seinast innan 5 månadar etter søknadsfrist.Erfaring frå forsking innan helseøkonomisk evaluering, kostnadsberekning og modellering eller frå helsepolitikk og forsking i eit lav- eller mellominntektsland er ein føremonnMå kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og ha evne til å samarbeide med andreGod skriftleg og munnleg engelskOm postdoktorstillinga:Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som vert tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.Åremålsperioden for stillinga er tre år, med høve til å forlenge perioden inntil eit år dersom eit forskingsopphald i utlandet skal inngå i perioden. Den tilsette kan verte pålagt pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.Se forskrift om tilsetjingsvilkår for postdoktor, stipendiat mv. Vi tilbyr:Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljøLøn for tida kr 615 700 (kode 1352, lønssteg 63) i lønsregulativet i staten. For søkjarar med medisinsk/odontologisk embetseksamen er løn for tida kr 624 500 (kode 1352, lønssteg 64). For søkjarar med spesialistutdanning er løn for tida kr 646 000 (kode 1352, lønssteg 66)Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga Karakterutskrifter og vitnemål (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar) og dokumentasjon på innlevert avhandlingRelevante attestarPublikasjonslisteVitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (PDF)to referansar (namn og kontaktinformasjon)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ole F. Norheim, e-post: ole.norheim@uib.no eller tlf.: +47 55 58 61 45.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Årstadveien 17, 5018 BergenStort kartHybridkartFlyfoto