BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Postdoktorstilling Ved Geofysisk institutt (GFI) er det ei ledig stilling som postdoktor. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning), og vil dekkja ein stor del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. Stillinga er knytt til prosjekt ERC Consolidator Grant Data-Driven Approaches in Computational Mechanics for the Aerohydroelastic Analysis of Offshore Wind Turbines – DATA-DRIVEN OFFSHORE. (Link: https://www.uib.no/en/matnat/159993/will-develop-groundbreaking-offshore-wind-technology-erc-grant).Om prosjektet/arbeidsoppgåverVindkraft til havs er avgjerande for å oppnå måla til The European Green Deal. Sjølv om offshore vindkraft er eit felt som har vakse og modna, krev teknologien eit paradigmeskifte for å sikra den berekraftige utviklinga dei neste åra. En veg for å oppnå dette paradigmeskiftet er fokusert på utviklinga av datadrevet berekningsmekanikk. Forskingsaktivitetane knytt til denne stillinga følgjer utviklinga av matematiske metodar og numeriske prosedyrar for datadrevet berekningsmekanikk som seinare vil bli brukt til aerohydroelastisk analyse av offshore vindturbinar. Denne nye tilnærminga tillèt å inkludere eksperimentelle data i simuleringa til systemet. Dei vanlege likningane må bli justert slik at ein kan erstatte turbinbelastning, grenseføresetnadar og materialmodellar gjennom eksperimentelle data. Forskinga knytt til stillinga har og som mål å ha eit tett samarbeid med forskingsmiljø innan BOW og GFI. Det er en føresetnad at resultatet av denne forskinga vil bli publisert i høgt rangerte tidsskrift.Kvalifikasjonar og eigenskaparSøkjarar må ha oppnådd norsk - ph.d -grad eller tilsvarande utdanning innanfor ingeniørfag, anvendt matematikk, fysikk eller geofysikk, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.Erfaring med statikk og dynamikk av slanke strukturer (bjelkar og skjell) er eit krav.Erfaring med finite element methode (FEM) er også eit krav.Erfaring med isogeometric analisys (IGA) er fordelaktig.Søkjarar må ha ferdigheiter innan programmering, for eksempel Fortran, C++, Julia, Matlab, Python eller liknande.Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Om postdoktorstillingaPostdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden ooptil til fire år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga.  Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.Vi tilbyreit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljøtilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 615 700,- (tilsvarande lønssteg 63). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.medlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarSøknaden skal innehaldeei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinganamn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.CVkarakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.relevante attestarliste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)publikasjonarSøknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Cristian G. Gebhardt, Geofysisk Institutt og Bergen Offshore Wind Centre, e-post: Cristian.Gebhardt@uib.no, tel.: +47 55 58 26 23For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, maria.svasand@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Allegaten 70, 5007 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.91 Postdoktor
0.90 Forsker
0.89 Forskningsteknikar
0.89 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.89 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.89 Mellombels forskar
0.89 Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (CISMAC/BCEPS)
0.89 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.88 Postdoktor
0.88 Overingeniør / senioringeniør / sjefingeniør / rådgiver / seniorrådgiver
0.88 PhD Candidate in hydropower
0.88 PhD Candidate in geotechnical engineering
0.88 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.88 Pedagog/faglærer innen programområdet elektro og datateknologi
0.88 Ledig stilling nr 56/2023 - EKS
0.88 Stipendiat i profesjonsvitenskap med fokus på kroppsøving og pedagogikk - Levanger
0.88 Postdoktor i sosiotekniske aspekter ved positive energidistrikter
0.88 PhD Candidate in Coupled Offshore and Onshore Power Grids
0.88 Postdoktor til forskningsprosjektet ScanSchoolAbsense
0.88 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør innen automatisering
0.88 Data ingeniør
0.87 Studieveileder
0.87 Stipendiat i arkeologi
0.87 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.87 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.87 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.87 Professorship in marine robotics and robotic organizations
0.87 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.87 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.87 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.87 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.87 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.87 Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
0.87 Forskar (mellombels)
0.87 Prosjektingeniør Elkraft
0.87 Forsker 1109/1110/1183
0.87 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.87 Overingeniør / Senioringeniør
0.87 Avdelingsleder og nestleder Hav og is
0.87 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.87 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.87 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.87 Kommuneøkonom
0.87 Offshorearbeider
0.87 Teknisk
0.87 Prosjektleder Vannkraft - Maskin/Elektro
0.87 Ingeniør innebygde systemer
0.87 Overingeniør/teknisk utreder/landmåler
0.87 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.87 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.87 2-årig prosjektstilling som arealplanlegger
0.87 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.87 Stipendiat i kjønnsstudier
0.87 Prosjektmedarbeider
0.87 Oppmålingsingeniør