BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirugi)Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 %, bistilling) i medisin (plastikkirurgi) i to (2) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast relevant hovudstilling (minimum 50 %) ved Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved dette helseføretaket. Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til plastikkirurgi, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, og aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har cand.med. - grad og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil verte særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar vert vektlagd ved vurderinga.Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Kravet er absolutt for professor medan førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.Vi tilbyr:Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonaltFaglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutviklingProfessor:Løn er for tida kr 919 200 (kode 1013, lønssteg 82). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Førsteamanuensis:Løn er for tida kr 708 000 - 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillingaUtfyllande CVVitnemål og attestarFullstendig publikasjonslistePedagogisk mappe, sjå Eining for læringEi liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10 for førsteamanuensis, høgst 15 for professor). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidetDei vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-formatPlan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)Namn og kontaktinformasjon til minst to referansarDet er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.  Generell informasjon:Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til instituttleiar professor Christian Vedeler, e-post: christian.vedeler@uib.no eller mobil: 91837971.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, skal søkjaren varslas om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Jonas Lies vei 87, 5021 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.98 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.95 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.95 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.94 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.94 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.94 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.93 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.93 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.92 Professor II /førsteamanuensis 20 % i psykiatri - BUP, PHA
0.92 Forsker
0.92 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.92 Postdoktor
0.92 Førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, jazzfag/saksofon
0.92 Professor II /førsteamanuensis 20 % i nevrologi ved UiO Campus Sør
0.92 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.91 Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (CISMAC/BCEPS)
0.91 Overlege kombinert med professor II/førsteamanuensis
0.91 Overlege kombinert stilling med åremålsstilling som professor II/førsteamanuensis (nevro)
0.90 Mellombels forskar
0.90 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.90 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.90 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.90 Universitetslektor SKO 1009
0.90 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.90 Sjukepleiar
0.90 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.90 Universitetslektor/høgskolelærer i sykepleie, Narvik - vikariat for ett år
0.90 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.90 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.90 Professor II/førsteamanuensis i medisin (dermatology) KIT
0.90 Førsteamanuensis i filosofi (etikk)
0.90 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.90 Kirurg plastisk kirurgi
0.90 Forskar (mellombels)
0.90 Studieveileder
0.90 Sykepleierstudent/pleieassistent
0.89 Forskningsteknikar
0.89 Sykepleier
0.89 Professor i veiledningspedagogikk med vekt på forskningsveiledning
0.89 Overlege - plastikkirurgi
0.89 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.89 Fast 50% stilling som administrasjonskonsulent/førstekonsulent i studieseksjonen ved Fakultet for k
0.89 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.89 Instruktørtannlege
0.89 Lege i spesialisering
0.89 Universitetslektor i medisin (obstetrisk ultralyd)
0.89 Medisinskfaglig rådgiver - instruktør
0.89 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.89 Stipendiat i profesjonsvitenskap med fokus på kroppsøving og pedagogikk - Levanger
0.89 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.89 Sjukepleiar
0.89 Lege i spesialisering i urologi og generell kirurgi
0.89 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.89 Sykepleier
0.89 Instituttleder for estetiske fag
0.89 Lege i spesialisering
0.89 Ledig helgestilling for Sykepleiestudenter/helsefagarbeider