BeskrivelseUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) VestlandslegenVed Det medisinske fakultet, Universitetet i Bergen, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (10 % bistilling) i medisin (radiologi) ved Klinisk institutt 1. Stillinga er for inntil to (2) år frå hausten 2023/våren 2024 etter nærare avtale. Bistillinga er knytt til fast stilling som lege (minimum 50 %) ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar til stilling som førsteamanuensis, er det aktuelt å tilsetje universitetslektor. Arbeidsstaden er ved SUS.Bakgrunnen for utlysinga av stillinga er fakultetet sitt prosjekt for å etablere ein regional studiemodell for legeutdanninga ved UiB, i første omgang ved at det startar ein pilot i Stavanger med base ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) for inntil 20 studentar frå 4. studieår august 2023.Vi søkjer etter ny kollega som saman med tilsette ved institutta vil bidra til framifrå undervisning for medisinstudentane i Stavanger.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Arbeidsoppgåver/forskingsområde for førsteamanuensis:Denne stillinga skal først og fremst undervise og rettleie studentar, og undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til undervisning av medisinstudentar og til dette pilotprosjektet.Arbeidsoppgåver/forskingsområde for universitetslektor:Den som vert tilsett skal undervise og rettleie medisinstudentar, samt ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar og eigenskapar for førsteamanuensis:Søkjar må vere cand.med. og fortrinnsvis spesialist eller under utdanning i det faget ein skal undervise og tilsettast i. Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse.Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.- kandidatar. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.Undervisningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Førsteamanuensis vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.Kvalifikasjonar og eigenskapar for universitetslektor:søkjar må vere lege (cand.med) og har spesialitet innan det faget det skal undervisast i.det er eit ønskje at søkjar har brei og relevant klinisk erfaring, samt stort engasjement og interesse for undervisningdet er eit ønskje at søkjar har undervisnings- og administrativ erfaring samterfaring med populærvitskapleg formidlingdet vert lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeidVi tilbyr:eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonaltfaglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutviklingFørsteamanuensis: Løn er for tida kr 708 000 - 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Universitetslektor: Løn er for tida kr 584 500 – 646 000 (kode 1009, lønssteg 60-66) brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.medlemskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Søknaden skal innehalde for førsteamanuensis:søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillingautfyllande CV samt relevante vitnemål og attestarfullstendig publikasjonslistepedagogisk mappe, sjå Eining for læringei liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidetdei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i pdf-formatplan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)namn og kontaktinformasjon til minst to referansarSøknaden skal innehalde for universitetslektor:ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje stillingakarakterutskrifter (all høgare utdanning) og relevante attestardokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanseto referansar (namn og kontaktinformasjon)dersom du driv forsking legg du og ved: fullstendig publikasjonsliste og vitskaplege arbeid (maks 10) i pdf formatDet er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  instituttleiar ved Klinisk institutt 1, Christian A. Vedeler, tlf.: 55 97 51 06, e-post: christian.vedeler@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Stavanger universitetssjukehus, 4019 StavangerStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.97 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.95 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.95 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.95 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.94 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.94 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.93 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.93 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.93 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.92 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.92 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.92 Forsker
0.92 Førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, jazzfag/saksofon
0.92 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.91 Universitetslektor/høgskolelærer i sykepleie, Narvik - vikariat for ett år
0.91 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.91 Universitetslektor SKO 1009
0.91 Postdoktor
0.91 Lege i spesialisering
0.91 Professor II /førsteamanuensis 20 % i nevrologi ved UiO Campus Sør
0.91 Vikariat som seksjonsradiograf ledig
0.91 Overlege i radiologi
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.91 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.91 Studieveileder
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan intensivsjukepleie, campus Bergen
0.91 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.91 Førsteamanuensis / førstelektor  innan operasjonsjukepleie, campus Førde
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.91 Universitetslektor i medisin (obstetrisk ultralyd)
0.91 Radiograf vikariat
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.91 Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
0.91 Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/ lesevitenskap
0.91 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.91 Forskningsteknikar
0.91 Lege i spesialisering
0.90 Førsteamanuensis i filosofi (etikk)
0.90 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.90 Fagansvarlig for helse- og omsorgsfag ved Universitetsbiblioteket
0.90 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.90 Mellombels forskar
0.90 Radiograf
0.90 Lege i spesialisering i radiologi
0.90 Professor II /førsteamanuensis 20 % i psykiatri - BUP, PHA
0.90 Instruktørtannlege
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.90 Overlege kombinert stilling med åremålsstilling som professor II/førsteamanuensis (nevro)
0.90 Forskar (mellombels)
0.90 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.90 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.90 Førstekonsulent/rådgiver studieadminstrasjon
0.90 Overlege (Radiologi)
0.90 Overlege i radiologi
0.90 Sjukepleiar
0.90 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.90 Lege i spesialisering