Overlege i radiologi
None
Molde
BeskrivelseSjukehusa i Nordmøre og Romsdal ligg i vakre omgivelser med nærleik til fjord og fjell. Radiologiskavdeling Molde og Kristiansund er sentrale i diagnostikk og oppfølging av mangetilstander og er viktige i drifta av sjukehusa.Molde ligg på nordsida av Romsdalsfjorden i Møreog Romsdal. Her finn du fylkesadministrasjonen, Høgskolen i Molde (med fagfeltsom sjukepleie, logistikk, økonomi og leiing, og IT). Området er kjent som eitgodt utgangspunkt for eit aktivt friluftsliv både i fjellet og til sjøs, og deter eit aktivt klatremiljø og skimiljø. Byen er heimstad for Molde fotballklubb,og Aker stadion ligg like vest for bysentrum. Byen har også ein internasjonaljazzfestival (Moldejazz), og for litteraturinteresserte er det verdt å nemneBjørnsonfestivalen som arrangerast i starten av september kvart år.I 2025 står det nye sjukehuset (SNR) klart og skaltakast i bruk i løpet av første halvår. Der vil vi mellom anna få fylketsførste 3 Tesla MR.Vi har ledig fast stilling for overlege frå 1. november 2023ArbeidsoppgåverRadiologisk avdeling dekker sjukehusa i Molde og Kristiansund. Vakt dekkast frå Molde påkveld, natt og helg, med LIS tilstades. Per no er det ni overlegar som går i åttedeltbakvaktordning. Avdelinga gjer om lag 100.000 undersøkingar per år, og særlegMR og CT er i stadig auke. Vi gjer også mykje ultralyd, konvensjonell røntgenog mammografi, og ei rekke radiologiske intervensjonar, til dømes biopsiar. Deter råd å spisse seg inn mot eigne interesseområde, i samråd med behova tilavdelinga. På vakt er det generell radiologi. Vi deltek på MDT-møte innan HelseMøre og Romsdal, men og enkelte regionale møte, og har eit utstrakt samarbeidmed kliniske avdelingar.Arbeidsoppgåver vil i stor grad gå på beskriving av radiologiske undersøkingar, prioritering, vakt og fagutvikling. Oppgigjerne om du har interesse for forsking.KvalifikasjonarNorsk autorisasjon eller lisens som lege innan generell radiologi, fortrinnsvis med norsk spesialistgodkjenningMå kunne mestre norsk språk (ev. svensk/dansk), og ha god muntleg og skriftleg framstillingsevne.For lege som er under norskopplæring kan vi legge til rette for studietid, særleg inn mot eksamen/prøver.Personlege eigenskaparVere engasjert i arbeidsoppgåvene.Kunne medvirke til eit godt arbeidsmiljø.Kunne trivast med teamarbeid. i har stor grad av samarbeid med legar i andre avdelingar, med radiografar og med andre faggrupper.Arbeide målretta og løysingsorientert.God klinisk forståing.Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid.Ein inkluderande arbeidsplass.Løn etter gjeldande overeinskomstar.Flyttegodtgjørelse etter gjeldande retningslinjeMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår.KontaktinformasjonMartin Grotnes, Seksjonsleiar, +47 71122395ArbeidsstadBjørnstjerne Bjørnsons veg6412 MoldeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4707561242Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.10.2023
Bjørnstjerne Bjørnsons veg, 6412 MoldeStort kartHybridkartFlyfoto