Overlege - spesialist i ortopedi

Helse Møre og Romsdal HF
Molde
Overlege - spesialist i ortopedi
Arbeidsgiver Helse Møre og Romsdal HF Stillingstittel Overlege - spesialist i ortopedi Frist 22.10.2023 Ansettelsesform Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vil du vere med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi.Avdeling for ortopedi SNR har ledig vikariat for overlege - spesialist i ortopedi i eit år med moglegheit for forlenging. Arbeidstad er for tida ved Molde sjukehus. Avdelinga har drift både i Kristiansund og Molde. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline. I Molde har vi 6 overlegar og 2-3 LIS 2/3 til: I Molde har vi 6 overlegar og 2-3 LIS 2/3, derav 2 PhD kandidater. I Kristiansund har vi 10 overlegar, 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1 (1 professor, 1 førsteamanuensis, 1 universitetslektor og 5 PhD`ar). Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes føtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet. I Molde har vi 6 overlegar og Vi har sengepost, dagkirurgi, tverrprofesjonell diabetesfot pk, osteoporose pk, stadleg samarbeid med plastisk kirurgi og geriater, skadepol, akuttmottak, fast-track protesekirurgi og subspesialisering.I Kristiansund har vi to sengepostar der ein er dedikert til fast-track protesekirurgi, dagkirurgisk eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Vidare kan avdelinga tilby: Multidisiplinær behandling, skadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk, samt akuttmottak, osteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, Capture the fracture silver star rangering. Proteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetid. AI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgi. Operasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedien. Sub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri, traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc. Seksjon for ortopediske legar SNR er utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studiet. Fysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våre. Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga produserer ein rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi har flere PhD`ar i avdelinga, og har såleis rettleiingskompetanse både for doktorgrads- og mastergradprosjek. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I det nye fellessjukehuset på Hjelset, får vi ei stor top moderne ortopedisk avdeling som samlarr det ortopediske behandlingstilbodet for inneliggande og en del dagkirurgiske pasienter, inklusive ein ortogeriatrisk post, og eigne ortopediske vaktlinjer.Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! Meir informasjon om Molde og Kristiansund finn du ved å lese her
Arbeidsoppgåver Vaktarbeid - det er ikke helgevakt i Molde på grunn av helgevaktdeling med KristiansundOperasjon, dagkirurgi og elektive operasjonar PoliklinikkVisittEn del av traumeteamRettleiing og utdanning av LIS3 i seksjonen
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som legeDokumentert spesialist i ortopedisk kirurgiMå beherske et skandinavisk språk både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar Du liker varierte utfordringarDu har interesse for ortopedi og forskingDu har evne og vilje til tverrfagleg samhandlingDu har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsetteDu har god evne til refleksjon over eigen praksis som legeDu har god evne til å gje og motta tilbakemeldingarDu evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon, vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårByen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Om arbeidsgiveren Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor Offentlig Sted Parkvegen 84, 6412 Molde Stillingsfunksjon Lege / Overlege
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Øyvind Håberg Stillingstittel Overlege i ortopedi Telefon 71 12 00 00 Send melding
Søk her
Følg firma 170 følger dette firmaet
Parkvegen 84, 6412 Molde Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
0.94 Lege i spesialisering augesjukdomar
0.94 Sjukepleiar
0.94 Sjukepleiar
0.94 Overlege ved Avdeling for Rusmedisin
0.94 Psykologspesialist/ psykolog
0.94 Overlege i hud- og veneriske sjukdomar
0.94 Overlege i hud- og veneriske sjukdomar
0.93 Lege i spesialisering (LIS) - ortopedi
0.93 Psykolog/psykologspesialist
0.93 Overlege/bedriftslege
0.93 Sjukepleiar/Vernepleiar
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering i Ortopedi
0.93 Overlege
0.93 Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
0.93 Overlege
0.93 Overlege
0.93 Overlege
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Overlege
0.93 Lege i spesialisering 2/3 - Indremedisin
0.93 Intensivsjukepleiar
0.93 Overlege i kardiologi
0.92 Overlege i Geriatri
0.92 Overlege
0.92 Overlege
0.92 Rådgiver / spesialrådgiver
0.92 Sekretær
0.92 Overlege i radiologi
0.92 Overlege i psykiatri
0.92 Overlege/ psykologspesialist
0.92 Overlege onkologi
0.92 Overlege radiologi
0.92 Overlege/Lege i spesialisering
0.92 Er du vår nye lege i spesialisering?
0.92 Overlege Psykiatri
0.92 Lege i spesialisering 3 i ortopedisk kirurgi
0.92 Overlege - Psykiatri
0.92 Overlege / Psykiater
0.92 Overlege
0.92 Overlege i patologi
0.92 Psykologspesialist/psykolog
0.92 Sykepleier
0.92 Overlege/spesialist i barne- og ungdomspsykiatri, 100 % fast stilling
0.92 Overlege/spesialist i gynekologi
0.92 Overlege, spesialist i rus- og avhengighetsmedisin, spesialist i psykiatri eller allmennmedisin
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller cand.med
0.92 Sykepleier
0.92 Sykepleier
0.92 Sykepleier
0.92 Sykepleier fast stilling
0.91 Sykepleier/spesialsykepleier
0.91 Spesialist i psykiatri
0.91 Lege i spesialisering med hjerte for hjerne
0.91 Overlege - Spesialist i generell kirurgi