Sjukepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund N
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
31.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vi søkjer deg som er klar for ein spennande, variert, tidvis hektisk arbeidskvardag med mykje godt humør til å kome å jobbe sammen med oss på sengepost for kirurgi og ortopedi i Kristiansund.Vi har ledig faste stillingar for sjukepleiarar. Arbeidstida inneber p.t. turnus med arbeid kvar tredje helg. Ev kvar 4. helg med 12 timars-vakter. Vi kan og legge tilrette for stilling med turnus NATT og arbeid kvar 4. helg.Er du nyutdanna, er dette ein god plass å få god fagleg erfaring.Sengepost for kirurgi og ortopedi er ein tverrfagleg seksjon med særleg fokus på ortopedisk akutthjelp, ortogeriatri for pasientar med lågenergibrot, elektiv urologi, sjukepleiepoliklinikkar (osteoporose, infusjon, pre-operative førebuing) og infeksjonspasientar. Sengeposten greiar ut, behandlar og pleiar pasientar innafor desse fagområda og har totalt 15 sengeplassar. Sengeposten er ein spennande arbeidsplass der du som sjukepleiar får varierte og utfordrande arbeidsoppgåver. Vi legg stor vekt på trivsel og godt arbeidsmiljø. Vi ynskjer oss fagleg engasjerte tilsette med sans for travle dagar. Det er viktig for oss at alle trivst på jobb med kollegaene sine. Difor vil vi ta godt imot deg som nytilsett. Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette. Arbeidsstad er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.Sengeposten har erfarne tillitsvalde frå Fagforbundet og NSF, og har eit godt fungerande verneombod som i samarbeid med leiinga arbeider for eit godt arbeidsmiljø.Vi har fleire ledige stillingar for sjukepleiar og ser fram til å få søknaden din – tilsetjing vil skje fortløpande.
Arbeidsoppgåver
Utføre sjukepleie som inkluderer heilskapleg dokumentasjon og administrasjon av medikamenter etter forordning og delegerte oppgåverIvareta forsvarleg medikamenthandtering og legemiddelsamstemmingRettleie og orientere pasientar og pårørandeStudentrettleiingOpprette og oppdatere elektronisk pasientjournal, og sjå til at denne inneheld problem, tiltak og fortløpande evaluering. Dette inkluderer også å sjå til at e-meldingar til kommunalt tenestenivå til ei kvar tid er oppdatertVere kjend med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrer og retningslinerSette seg inn i bruken av sengeposten sitt medisinsk-tekniske utstyrSamarbeide tverrfagleg på ein profesjonell måteMedverke til utvikling av SNR med fokus på fag og det utadvende sjukehusTa medansvar for eit godt arbeidsmiljøSamarbeid med andre faggrupper
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiarDu må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du samarbeider godt med kollegaene dineDu trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo Du har evne å arbeide strukturert og sjølvstendig, både individuelt og i teamDu har interesse for kirurgisk/ ortopedisk sjukepleie, e-helse og digitaliseringDu er fleksibel og viser vilje til endringDu er ansvarsbevisstDu har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerHjå oss er det viktig at du trivst med arbeidsoppgåver og miljøet, difor legg vi vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Vi tilbyr
Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljøGod opplæring av nytilsette, internundervising, temadagar og individuell opplæringEin inkluderande arbeidsplass og godt tverrfagleg samarbeidHøgt fagleg nivå og eit sterkt forskingsmiljøLøn etter gjeldande overeinskomstarPrøvetid 6 månaderMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårAttestar og vitnemål samt to referansar skal leggast ved søknaden i Webcruiter. Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! Formeir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier,
Helsepersonell
Nøkkelord
Sykepleier;, Sykepleie;, Kristiansund;, Fast
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Anne Mari Grønseth
Stillingstittel
Konstituert seksjonsleiar
Telefon
99 10 85 29
Send melding
Søk her
Følg firma
170 følger dette firmaet
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto