Sjukeheimsoverlege
Bjørnafjorden kommune Legetenester - sjukeheimslegar
Os
Sjukeheimsoverlege
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Legetenester - sjukeheimslegar
Stillingstittel
Sjukeheimsoverlege
Frist
23.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden kommune har f.o.m 1.12.23 ledig 100% fast stilling som sjukeheimsoverlege.Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande team!ArbeidsstadPleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen. Nokre dager i månaden er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar.Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.Arbeidsoppgåver Medisinskfaglig ansvar for utredning, behandling og rehabilitering av pasientar og bebuande på sjukeheim. Ein del av stillinga omfattar klinisk arbeid ved sjukeheimaneSamarbeid med pårørande, fastleger og øvrige einingar og faggrupperMedisinsk rådgjevar for einingsleiar, avdelingsleiar og øvrig helsepersonell ved LBBS og FBBSBidra med fagutvikling og administrativt arbeidAnsvar for veiledning og supervisjon av leger under utdanning (ALIS og LIS-1)Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som legeSpesialist innen allmennmedisin eller geriatri. Andre relevante spesialister kan også søkjeDet vert lagt vekt på personlege eigenskaparSøkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegGyldig politiattest må leggjast fram Personlige eigenskaper Vi søkjer deg som har erfaring, interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisinDu har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitetDu er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert Vi tilbyrGod konkurransedyktig lønnTilrettelegging for å oppnå godkjenning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisinFaglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljøEin svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagarInternundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legarGode pensjons- og forsikringsordningarEtter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Om arbeidsgiveren
Bjørnafjorden kommune har i underkant av 25 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin
Nøkkelord
Sykehjemsoverlege, sykehjem, lege, allmennmedisin
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Synnøve Tvedt Skarstein
Telefon
46 74 75 64
Send melding
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Bjørnafjorden kommune
Følg firma
456 følger dette firmaet
Solstrandsvegen 39, 5200 Os
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto