Rådgjevar
Helse Bergen
Bergen
Rådgjevar
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar
Frist
26.10.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Seksjon for kompetanseutvikling er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga (FoU) ved Haukeland universitetssjukehus. Seksjonen har om lag 40 medarbeidarar med kompetanse innan medisin og helsefag, pedagogikk og kompetanseutvikling. Hovudarbeidsområda i seksjonen er planlegging, gjennomføring og evaluering av kompetanseutviklingstiltak, både i samarbeid med avdelingar i sjukehuset, universitet, høgskular, kommunar og andre samarbeidspartar, samt hjelpe leiarar i føretaket innan kompetanse- og utdanningsspørsmål. Ein av våre medarbeidarar skal ut i permisjon, og vi lyser difor ut eit vikariat med eit års varigheit. Team for digital læring søker etter ein engasjert person som ønsker å styrke arbeidet med innhaldsproduksjon til digitale læringsressursar og Læringsportalen. Læringsportalen er ein kursdatabase der ein kan melde seg på både klasseromskurs og e-læringskurs. Team for digital læring utviklar digitale læringsressursar for heile regionen, og sit på ansvaret for kursbiblioteket til Helse Vest. Dei digitale læringsressursane vi utviklar består hovudsakleg av opplæringsplanar, opplæringsfilmar og e-læringskurs. Vi ser etter ein god lagspelar som evnar å arbeide sjølvstendig og strukturert. Personlege eigenskapar og kompetanse vil bli vektlagt. Kjerneoppdraget til Team digital læring er arbeid med utvikling, integrering og forvalting av dei digitale læringsressursane i Helse Vest.
Arbeidsoppgåver
Innhaldsproduksjon til digitale læringsressursar (til dømes e-læringskurs eller opplæringsvideoar) retta mot medarbeidarar i Helse VestManusutvikling og formgjeving av digitale læringsressursarProsjektleiing, fasilitering og rettleiingDelta i arbeidet med regional brukarstøtte til medarbeidarar ift LæringsportalenFilming, fotografering, lydopptak og redigering av desse
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga: Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, særs relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanningsnivåKommunikasjon, pedagogikk, journalistikk, tekstforfatting eller anna relevant fagbakgrunn Interesse for og erfaring med rettleiing og opplæringGod kjennskap til og interesse for IKT-verktøy Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegAdministrativ erfaring. Ønskeleg: Erfaring med fotografering og fotoredigeringErfaring med filming og videoredigering Erfaring innan prosjektleiing/prosjektstøtte Erfaring med utvikling av e-læringKjennskap til spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
Er initiativrik, sjølvstendig og systematisk Analytisk og løysingsorientert God på nettverksbygging Strukturert og leveransedyktig Har stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne Trivast med å arbeide i tverrfaglege team Detalj-, kvalitets- og systemorientert Serviceinnstilt, fleksibel og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
Lønn etter avtaleGode pensjons- og forsikringsordningarEit års vikariatMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sted
Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Journalist,
Tekstforfatter,
Rådgivning
Nøkkelord
Innholdsproduksjon,, kommunikasjon,, E-læring,, Kompetanseutvikling,, Pedagogikk
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Frøy Kristin Johnsen
Stillingstittel
Leiar, Team digital læring
Telefon
47 62 31 29
Kontaktperson
Frode Sirhaug
Stillingstittel
Prosjektleiar
Telefon
99 16 39 54
Søk her
Følg firma
2087 følger dette firmaet
Møllendalsbakken 7, 5009 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto