Sekretær
Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund N
Sekretær
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sekretær
Frist
23.10.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig vikariat i 6 månader for sekretær ved ØNH Kristiansund. ØNH poliklinikken i Kristiansund har fem stillingar, derav ein sekretær i 100 % stilling. Sekretær inngår i eit tverrfagleg miljø. Det er ønskjeleg med tilsetting så snart som mogleg. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Arbeidsoppgåver
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver der vi jobbar nær pasientar og pasientbehandlararPasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefonElektronisk handtering av post og dokumentasjonsarbeidElektronisk handtering av tilvisingar og ventelisterDokumentasjon i journalsystem, brevskriving og posthandteringService av høyreapparat (opplæring vil verte gjeven)
Kvalifikasjonar
Gode IKT-kunnskaperØnskjeleg med relevant erfaringAutorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men er ikkje eit kravFordel om ein er kjend med å bruke MyWay2PAS og DocuLiveMå beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du er ansvarsbevisstDu arbeider strukturert og sjølvstendig Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardagDu er engasjert, fleksibel og har godt humørDu er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Helsesekretær,
Kontor og administrasjon / Sekretær
Nøkkelord
helsesekretær, sekretær, vikariat, deltid, kristiansund
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Benny Blomkvist
Stillingstittel
Seksjonsleiar (lege)
Send melding
Søk her
Følg firma
170 følger dette firmaet
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto