Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Helse Møre og Romsdal HF
Kristiansund N
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
Frist
31.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vil du vere med på laget vårt?Vi har no ledig faste stillingar for intensivsjukepleiar/ sjukepleiar med relevant spesialutdanning. Sjukepleiarar som planlegger å ta vidareutdanning i intensivsjukepleie og har relevant erfaring frå sengepost/ intensivseksjon, oppfordras også til å søkje.Vi er ein blanda intensivseksjon med medisinske og kirurgiske pasientar, samt postoperativ overvaking. Vi driv behandling av akutt og kritisk sjuke pasientar med til dømes CPAP, BIPAP og respiratorbehandling. Seksjonen har nytt og moderne overvakingsutstyr og nyoppussa akuttrom. Vi bruker PICIS elektronisk kurve.Seksjonen disponerar i alt 13 sengeplassar og har 32,2 stillingar for intensivsjukepleiarar. Vi har eit godt fagmiljø med intensivsjukepleiarar og overlegar i anestesi, samt LIS-lege anestesi. Vi har fagdagar inkludert i turnusen. Turnus er for tida D/A/N, og med arbeid kvar 3. helg.Kristiansund sjukehus og Molde sjukehus vil bli slått saman til eit nytt fellessjukehus, Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) med planlagt innflytting i 2025. Det nye akuttsjukehuset vert plassert på Hjelset i Molde kommune. På veg mot nytt sykehusbygg skal vi saman utvikle ein arbeidsplass som skal ivareta både pasientane, pårørende og tilsette. Arbeidsstad er ved Kristiansund sjukehus. Når det nye sjukehuset står ferdig på Hjelset, blir det din nye arbeidsstad.Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat! For informasjon om Molde og Kristiansund - sjå her!
Arbeidsoppgåver
Utøve sjukepleie til pasientar med akutt og komplekse sjukdomsbileteBruk av avansert medisinsk teknisk utstyr i behandlinga
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiarSpesialsjukepleiar med intensivutdanning ev anestesisjukepleiar med erfaring frå intensivAutorisert sjukepleiar med erfaring og ønskje om vidareutdanning i intensivsjukepleie kan også søkje midlertidig stilling.Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Du er fleksibel og positivDu trivast i eit arbeidsmiljø med høgt tempoDu har vilje til å bidra til å styrke eigen og andre sin kompetanse Du er endringsorientert og ønskjer å vere med på å utvikle seksjonen vidarePersonleg eignaheit og ønskje om vidareutdanning i intensivsjukepleie vil verte vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
KompetansebyggingUtfordrande og engasjert fagmiljøRikt og engasjert kulturmiljø i ein triveleg kystbySterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårByen vår! Kristiansund er perla på Nordmøre med naturskjønn plassering ut mot havet. Den hyggjelege småbyen har eit intimt bysentrum og byr på eit variert utval kaféar og spisestadar. Byen si plassering byr på eit unikt friluftsliv. Havet tilbyr båtliv, seilsport og fiske, og dei næraste fjella gir flotte mogelegheiter for fotturar, klatring og skikøyring. Kristiansund har eit rikt kulturtilbod med Noregs største distriktsopera, fleire musikkfestivalar, fotofestival og eit nytt kulturbygg kor det jamleg vert arrangert konsertar og andre kulturarrangement. Kristiansund har òg bynær flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen med mogelegheit for vidare flybytte. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! Formeir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell,
Sykepleier,
Sykepleier / Intensiv
Nøkkelord
Intensivsykepleier;, Sykepleier;, Intensiv;, Kristiansund
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Kari Jordahl Kjøl
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Send melding
Søk her
Følg firma
170 følger dette firmaet
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto