Lege i spesialisering augesjukdomar
Helse Møre og Romsdal HF
Ålesund
Lege i spesialisering augesjukdomar
Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering augesjukdomar
Frist
16.10.2023
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vi har ledig vikariat for lege i spesialisering med oppstart frå snarast, med mogelegheit for forlenging.Seksjon for Auge er ein av sju seksjonar innan kirurgisk avdeling ved Ålesund sjukehus. Vi har i dag fire overlegar, fire LIS, ein optometrist og ein ortoptist. Opptaksområdet vårt er i hovudsak Sunnmøre med cirka 150 000 innbyggarar. Vi har fylkesfunksjon for oppfølging av premature og ROP-screening.For å sikre eit robust og godt fagmiljø ønsker vi å styrke teamet vårt med fleire legar. Vil du bli med på laget og skape gode helsetenester for pasientane våre, i eit spennande og engasjert fagmiljø?Send oss ein søknad, vi vil veldig gjerne høyre frå deg! Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.
Arbeidsoppgåver
4-delt vaktordningArbeid i poliklinikk og operasjonsstoveHalde undervisning for kollegaer og sjukepleiegruppa
Kvalifikasjonar
Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Norsk autorisasjon som legeMå mestre norsk språk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Pasienten i fokusPositiv innstillingStort engasjement for pasient og oftalmologiFleksibelLike å underviseBidra til eit godt arbeidsmiljøGode evner til kommunikasjon og samarbeidPersonleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
Sterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårÅlesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her
Om arbeidsgiveren
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Lege / LIS,
Lege / Øye
Nøkkelord
Lege, i, spesialisering;, Øye;, Øyesykdommer;
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Karoline Roald Skjong
Stillingstittel
Konst. seksjonsleiar
Telefon
93 89 89 73
Send melding
Søk her
Følg firma
170 følger dette firmaet
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto