Lege i spesialisering - Onkologi
None
Ålesund
BeskrivelseOnkologi - eit spanande fagfelt i stor utvikling!Vil du vere med på å byggje det beste laget?Vi søker legar i spesialisering med eit brennande engasjement innanfor faget onkologi. Startdato kan avtalast. Det onkologiske tilbodet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund.Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus.I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk.Onkologi er eit svært spanande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/malignt melanom; brystkreft/thyroidea og stråleterapi.Onkologi gjer rike moglegheiter for forsking og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit ÅlesundArbeidsoppgåverKliniske arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte drift av sengepost, polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapiDeltaking i vaktordning ved sengeposten i ÅlesundDeltaking i kliniske studierKvalifikasjonarMedisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i NoregDu har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftlegVi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientarGodkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevnerDu trivast i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljøDu bidreg til eit godt arbeidsmiljøDu arbeider godt både sjølvstendig og i teamDu er ansvarsbevisstDu deler gjerne kunnskap med andreDu har gode kommunikasjonsevnerVi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårDet kan bli aktuelt med rotasjon til andre sjukehus i foretaket for å oppnå læringsmål knytt til spesialistutdanninga slik det framgår av offentleg utdanningsplan. Dette vil også framgå av din individuelle utdanningsplan. Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering. KontaktinformasjonNils Eivind Skottner, 70106939, +47 70106939, Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.noArbeidsstedÅsehaugen 56017 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4713270527Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.11.2023Søknadsfrist: 12.10.2023
Åsehaugen 5, 6017 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto