BeskrivelseVil du vere med på laget vårt?Seksjon for medisinske legar i Klinikk SNR - Kristiansund sjukehus har ledig faste stillingar for lege i spesialisering innan indremedisin. Det er vidare mogeleg med spesialisering innan ein av dei åtte tradisjonelle indremedisinske spesialitetane.  Vi vil sørgje for at du tilegner deg læringsmål og ferdigheiter både innanfor indremedisinske fag ved rotasjon på sengepost, og ved å delta i poliklinisk aktivitet også innanfor indremedisinske fag. LIS 2/3 legar deler sekundærvakta.  Medisinsk avdeling i Kristiansund har eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legar ved medisinsk avdeling har ansvar for pasientar innanfor ulike fagområder som hjarte- og lungesjukdomar, fordøyelsessjukdomar, akutt- og mottaksmedisin, medisinsk kreftbehandling og hematologi, hjerneslag, nyresjukdomar, og geriatri. Avdelinga har også ansvaret for overvakingssenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak. Avdelinga har spesialistar i generell indremedisin med greinspesialitetar innan gastroenterologi, lungemedisin, hematologi, kardiologi, geriatri, nefrologi og akutt-og mottaksmedisin. Avdelinga har også LIS1-legar og studentar frå NTNU.  Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering. ArbeidsoppgåverDelta i etablerte vaktordningar og i avdelinga si driftMogelegheit for forskingUndervisingsoppgåver må påreknastKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som legeGodkjent turnusteneste/ LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggjast til grunn for tilsetjing i LIS 2/3 stillingMå meistre norsk både skriftleg og munnlegRelevant sjukehuserfaringErfaring frå tverrfagleg samarbeidPersonlege eigenskaparDu er pasientorientert Du er sjølvstendig og beslutningsdyktig Du er fleksibel, positiv og endringsorientertDu har gode kommunikasjonsevner og er ein god teamarbeidarÅ vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårByen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre herKontaktinformasjonInger Stokke, Konst. seksjonsleiar, 71 12 00 00, Inger.Stokke@helse-mr.noArbeidsstadHerman Døhlens vei6508 KristiansundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4719164579Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 05.11.2023
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund NStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Lege i spesialisering
0.95 Lege i spesialisering indremedisin
0.95 Lege i spesialisering indremedisin (LIS 2/3)
0.95 Lege i spesialisering
0.95 Lege i spesialisering
0.94 Lege i spesialisering - Kirurgisk klinikk
0.94 Lege i spesialisering 2/3
0.94 Lege i spesialisering
0.94 Lege i spesialisering 3 Indremedisinske fag
0.94 Lege i spesialisering 2/3 - Indremedisin
0.94 Lege i spesialisering 2/3
0.94 Lege i spesialisering
0.94 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering, 100% fast
0.93 Lege i spesialisering 3 - Indremedisin
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering i generell / gastro kirurgi
0.93 Lege i spesialisering infeksjonsmedisin
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
0.93 Lege i spesialisering 2/3
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering 2-3, 100% vikariat
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege - LIS 1 /LIS 3
0.93 Lege i spesialisering Vikar stilling- Seksjon for gastrokirurgi
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering i Ortopedi
0.93 Lege i spesialisering - oftalmologi
0.92 Lege i spesialisering i arbeidsmedisin
0.92 Lege i spesialisering 3 i ortopedisk kirurgi
0.92 Lege i spesialisering i psykiatri
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering i indremedisin
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering - Onkologi
0.92 Lege i Spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering.
0.92 Lege i spesialisering i generell kirurgi
0.92 Lege i spesialisering- fast stilling
0.92 Spesialist i indremedisin/indremedisinske fag
0.92 Lege i spesialisering - Psykiatri
0.92 Lege i spesialisering i onkologi
0.92 Seksjonsleder
0.92 Lege i spesialisering - Seksjon for gastrokirurgi
0.92 Lege i spesialisering/lege uten turnustjeneste
0.92 Lege i spesialisering i anestesiologi
0.92 Lege i spesialisering VOP
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege - LIS 2/LIS 3 eller allmennlege
0.92 Lege i spesialisering (LIS-/LUT)
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering - psykiatri - Sykehuset Innlandet
0.92 Lege i spesialisering
0.92 LIS2/3
0.92 Lege i spesialisering- Barnesykdommer
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin