Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi
Arbeidsgiver Helse Møre og Romsdal HF Stillingstittel Lege i spesialisering (LIS) innan ortopedisk kirurgi Frist 31.10.2023 Ansettelsesform Vikariat
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf
Vil DU bli med på laget vårt? Vi søkjer ein kollega med interesse for elektiv og akutt ortopedi!Avdeling for ortopedi SNR har ledig eit vikariat i 2 år for lege i spesialisering (LIS 3) innan ortopedisk kirurgi. Arbeidsstad er for tida ved Molde sjukehus. Tilsetting frå 01.03.2024 eller etter nærare avtale. Avdelinga har drift både i Molde og Kristiansund. Frå 2025 jobber vi saman i det toppmoderne sjukehuset på Hjelset og avansert dagkirurgi i Kristiansund. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline. I Molde har vi 6 overlegar og 3 LIS 2/3. I Kristiansund har vi 10 overlegar (1 professor, 2 førsteamanuensis, 6 PhD`ar), 6-7 LIS 2/3 og 9 LIS1 I avdeling for ortopedi har vi sengepostar, fast-track protesekirurgi, dagkirurgi eining. Vi har også ortogeriatrisk eining for ortogeriatrisk trauma med tilsett spesialist i geriatri. Tilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetes-fot, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår, fotkirurgi og eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår i traumeteamet. Til saman tilbyr vi eit omfattende ortopedisk behandlingsspektrum, samt eigen ortopedisk vaktline. Vidare kan avdelinga tilby:Multidisiplinær behandlingSkadepoliklinikk og ortopedisk poliklinikk samt akuttmottakOsteoporose-poliklinikk med behandlings/ infusjonseining, DXA-maskin, Capture the fracture silver star rangeringProteseførebuande eining med fast-track protesekirurgi med 1 døgn liggetidAI-prosjekt (kunstig intelligens) innanfor protesekirurgi inkludert robotkirurgiOperasjonsavdeling med stor verksemd innanfor dei fleste spekter av ortopedienSub-spesialitetar innanfor hofte- og kneprotesar inkludert omfattande revisjonskirurgi, rygg, barn, hand, fot, artroscopi, komplisert sårbehandling, ortogeriatri , traumekirurgi, komplekse lednære fracturer, osteophorose etc.Utdanningsinstitusjon for medisinstudentar fra NTNU. Vi har 16 studentar i løpet av året i praksis på siste år av studietFysioterapeutar, spesialsjukepleiarar, ernæringsfysiolog og klinisk farmasøyt er dedikert til seksjonane våreTilbodet i Molde inkluderar eit bredt spekter av operative og konservative behandlingar innan ortopedi, herunder frakturer, hand- og fotkirurgi inkl. diabetesføtter, ortogeriatri, protesekirurgi, artroskopisk behandling av skulder, albue, kne og ankelledd. Spesielle satsingsområder er tverrfagleg behandling av kompliserte sår og av eldre med bruddskadar. Molde sjukehus er traumesjukehus, og ortopedien inngår her i traumeteamet. Vi har eigen ortopedisk forsknigsavdeling med 11 pågåande store kliniske PhD-prosjektar samt grunnforsknings-prosjekter. Avdelinga publiserar ei rekkje publikasjonar i høgt rangerte internasjonale tidsskrifter årleg. Vi tilbyr veilederkompetanse både for doktorgrads- og mastergrad-prosjekter. Det drives forskning på PhD nivå i betydeleg omfang både i Kristiansund og Molde. Utdanning og fagutvikling står i fokus hos oss, og undervisning, operasjonsaktivitet og kursdeltakelse blir prioritert. Hos oss gis kniven videre.Er dette noko for deg er DU velkomen til å søkje på stillinga. Ta gjerne kontakt for ein prat!
Arbeidsoppgåver Du får varierte arbeidsoppgåver som lege i spesialisering i ortopedisk kirurgi:VaktarbeidOperasjonPoliklinikkVisittDeltaking i undervisning og kvalitetsforbedringsarbeid
Kvalifikasjonar Norsk autorisasjon som legeGjennomført og godkjent LIS1 teneste eller turnusteneste etter gamal ordningRelevante tilleggskvalifikasjoner vektleggastMå beherske norsk skriftleg og munnleg Dersom det ikkje vert aktuelle søkarar til LIS-stillinga, vil vi vurdere å tilsette autorisert lege som ventar på LIS1-stilling. Medisinstudentar med lisens kan også vere aktuelle
Personlege eigenskapar Du liker varierte utfordringarDu har interesse for ortopedi og forskningDu har evne og vilje til tverrfagleg samhandlingDu har gode kommunikasjonsevner med pasientar, pårørande og andre tilsetteDu har god evne til refleksjon over eigen praksis som legeDu har god evne til å gje og motta tilbakemeldingarDu evner å ta ansvar for eigen spesialistutdanning (jfr. forskrift om spesialistutdanning)Å vere personleg eigna, samt arbeidskapasitet og motivasjon vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr Sterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårFor informasjon om Molde og Kristiansund - sjå herNytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.
Om arbeidsgiveren Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal  er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje. Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor Offentlig Sted Parkvegen 84, 6412 Molde Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Lege, Lege / LIS, Lege / Kirurgi
Nøkkelord LIS, ortopedisk, kirurgi, vikariat, molde
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Øyvind Håberg Stillingstittel Overlege i ortopedi Telefon 71 12 00 00 Send melding
Søk her
Følg firma 170 følger dette firmaet
Parkvegen 84, 6412 Molde Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Lege i spesialisering (LIS) - ortopedi
0.96 Overlege - spesialist i ortopedi
0.94 Lege i spesialisering 2/3 - Indremedisin
0.94 Lege i spesialisering
0.94 Lege i spesialisering (LIS-/LUT)
0.94 Lege i spesialisering augesjukdomar
0.93 Lege i spesialisering i Ortopedi
0.93 Lege i spesialisering 2/3
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering
0.93 Lege i spesialisering
0.93 KOPI AV Lege i spesialisering innan indremedisin
0.93 Lege i spesialisering 3 i ortopedisk kirurgi
0.93 Lege i spesialisering - Kirurgisk klinikk
0.93 Lege i spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin og/eller cand.med
0.93 Lege i spesialisering indremedisin (LIS 2/3)
0.92 Er du vår nye lege i spesialisering?
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Sjukepleiar
0.92 Lege i spesialisering med hjerte for hjerne
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.92 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.92 Psykologspesialist/ psykolog
0.92 Lege i spesialisering, 100% fast
0.92 Lege i spesialisering - psykiatri - Sykehuset Innlandet
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 LIS vikariat i forløp mot øyesykdommer
0.92 Sjukepleiar
0.92 Lege i spesialisering infeksjonsmedisin
0.92 Lege i spesialisering i rus- og avhengighetsmedisin
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering i generell / gastro kirurgi
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Lege i Spesialisering i Fysikalsk medisin og rehabilitering.
0.92 Lege i spesialisering
0.92 Psykolog/psykologspesialist
0.92 Lege i spesialisering indremedisin
0.92 Lege i spesialisering
0.91 Lege i spesialisering - Rus- og avhengighetsmedisin
0.91 Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
0.91 Lege i spesialisering 2/3
0.91 Lege i spesialisering i rus- og avhengighetsmedisin/Lege uten turnustjeneste
0.91 Lege - LIS 1 /LIS 3
0.91 Lege i spesialisering
0.91 Lege i spesialisering i arbeidsmedisin
0.91 Seksjonsleder
0.91 LIS
0.91 Ferdig med LIS 1? Bli med i vårt flotte arbeidsmiljø på Nevrologisk avdeling!
0.91 Lege i spesialisering 2/3
0.91 Sjukepleiar/Vernepleiar
0.91 Psykologspesialist/psykolog
0.91 Lege i spesialisering- Barnesykdommer
0.91 Overlege
0.91 Sykehjemslege
0.91 Lege i spesialisering - vikariat