Overlege
Helse Bergen
Straume
Overlege
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege
Frist
05.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vi har ledig stilling som seksjonsoverlege ved allmennpsykiatrisk døgnseksjon ved Øyane DPS. Tiltreding etter nærare avtale. Søkarar som ønsker vikariat eller redusert stilling blir også oppmoda til å søke.Øyane DPS er eit av tre DPS knytt til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i bynære omgjevnadar om lag femten minuttars køyring frå Bergen sentrum.Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 50 000 innbyggarar over 18 år. Det er god kontakt med førstelina og kommunane er i rask vekst. Øyane DPS er aktiv i samhandling med kommunane.Vi ønsker å vere førande i å prioritere fagutvikling gjennom kurs, konferansar og høve til fordjuping og vidareutdanning. Vi legg stor vekt på overlegen sine eigne ønsker og moglege rammer. Vi anser det som viktig å vere både lydhøyr og fleksibel. Forsking knytta til stillinga kan bli tilrettelagd.Øyane DPS består av:* Allmennpsykiatrisk poliklinikk, godkjend tenestestad for LIS3, med eige ambulant akutteam (AAT) og MBT team* Psykose døgnseksjon med 8 senger, poliklinikk med dagbehandlingstilbod godkjend som tenestestad for LIS3* Allmenn døgnseksjon har 8 senger og er godkjend som fordjupingsteneste og valfri teneste for LIS. Behandlargruppa består av seksjonsoverlege i 100%, som no er utlyst, psykologspesialist 100%, LIS1 og LIS3* Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose. Teamet jobbar tverrfagleg og er satt saman av psykiater, psykologspesialist, psykolog, psykiatrisk sjukepleiar, erfaringskonsulent, musikkterapeut og IPS jobbspesialist. Alle legane møtast ein time kvar veke til faglunsj. Arbeidsmiljøet i legegruppa og i seksjonane er gode og det er kort veg til både linjeleiar og klinikkdirektør.
Arbeidsoppgåver
Utgreiing, fastsetting av diagnose og behandling av tilviste pasientarUndervisning og rettleiing av utdanningskandidatarMedisinsk- og spesialistfagleg ansvarArbeid i tverrfagleg team
Kvalifikasjonar
Spesialist i psykiatriNorsk autorisasjon som legeMå meistre godt norsk både munnleg og skriftlegErfaring frå allmenn- og akuttpsykiatriNoko erfaring frå rettleiing av LIS
Personlege eigenskapar
Du er tilpassingsdyktig, løysingsorientert, effektiv og sjølvstendigDu bidrar til eit godt arbeidsmiljøDet vil bli lagt stor vekt på at søkar er personleg skikka til stillinga
Vi tilbyr
Lønn etter avtaleEit spanande og engasjert arbeidsmiljø med store faglege ambisjonar og fokus på læring og kunnskapUtfordrande og spanande arbeidsoppgåverFøretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering. MangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sted
Blombakkane 75, 5354 Straume
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege,
Lege / Psykiater
Nøkkelord
Lege,, spesialist, i, psykiatri,, Øyane
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Øyvind Nordvik
Stillingstittel
Seksjonslear
Telefon
56 32 66 19
91 16 97 36
Søk her
Følg firma
2079 følger dette firmaet
Blombakkane 75, 5354 Straume