Sekretær
None
Kristiansund N
BeskrivelseVil du vere med på laget vårt? Vi har no ledig vikariat i 6 månader for sekretær ved ØNH Kristiansund. ØNH poliklinikken i Kristiansund har fem stillingar, derav ein sekretær i 100 % stilling. Sekretær inngår i eit tverrfagleg miljø. Det er ønskjeleg med tilsetting så snart som mogleg. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi.ArbeidsoppgåverInteressante og utfordrande arbeidsoppgåver der vi jobbar nær pasientar og pasientbehandlararPasientretta arbeidsoppgåver i skranke og telefonElektronisk handtering av post og dokumentasjonsarbeidElektronisk handtering av tilvisingar og ventelisterDokumentasjon i journalsystem, brevskriving og posthandteringService av høyreapparat (opplæring vil verte gjeven) KvalifikasjonarGode IKT-kunnskaperØnskjeleg med relevant erfaringAutorisasjon som helsesekretær kan vere ein fordel, men er ikkje eit kravFordel om ein er kjend med å bruke MyWay2PAS og DocuLiveMå beherske norsk skriftleg og munnleg Personlege eigenskaparDu er ansvarsbevisstDu arbeider strukturert og sjølvstendig Du har evne til å jobbe i ein hektisk kvardagDu er engasjert, fleksibel og har godt humørDu er serviceinnstilt og positiv til pasientar, publikum og kollegaer Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeidEin inkluderande arbeidsplassLøn etter gjeldande overeinskomstarMedlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkårVi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre herKontaktinformasjonBenny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.noArbeidsstedHerman Døhlens vei 16508 KristiansundNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4709366378Stillingsprosent: 50%VikariatStartdato: 02.10.2023Sluttdato: 24.03.2024Søknadsfrist: 01.10.2023
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund NStort kartHybridkartFlyfoto