Tannhelsesekretær
None
Bergen
BeskrivelseDet er ledig 2 faste stillingar som tannhelsesekretær ved Spesialistklinikken, Tannhelsetenesta Kompetansesenter Vestland (Tk Vestland) frå 01.12.2023Har du lyst å jobbe i eit spennande fagmiljø? Då er Spesialistklinikken ved TKVestland noko for deg!TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Norge og tilbyr spesialisttenester til befolkninga i Vestland. Vi utfører undersøking og behandling av tilviste pasientar frå offentlege og private tannklinikkar, samt rådgjeving, kurs og hospitering for anna tannhelsepersonell.Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19, har 10 behandlingsrom. Vi har og ein klinikk ved Haukeland Sjukehus. Det er rundt 38 tilsette på spesialistklinikken.Vi har spesialistar innan alle dei odontologiske fagfelta.ArbeidsoppgåverAssistere tannlegespesialist i pasientbehandlingKontakt med pasienter/pårørende/samarbeidspartarSterilarbeidAdministrasjons- og resepsjonsoppgåverTa del i felles arbeidsoppgåver ved klinikkenKvalifikasjonarDet er krav om godkjend norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnlegDen som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest Personlege eigenskaparDet er krav om godkjend norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.Søkjar må beherske norsk skriftleg og munnlegDen som skal tilsetjast i tannhelsetenesta må leggje fram politiattest Vi tilbyrLøn etter gjeldande tariffavtaleGode forsikrings- og pensjonsordningarEtterutdanning og kurs for fagleg utviklingMeiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardagEit godt og inkluderande arbeidsmiljø.Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorskAlle nytilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månaderVi gjer merksam på at i følgje Offentleglova § 25, 2.ledd, kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Søkjar som har bedt om unntak, vil bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. KontaktinformasjonAnne Marit Graue, klinikkleiar , 93061996Martha Sørensen, områdeleiar tannhelse, 98012834ArbeidsstadÅrstadveien 195009 BergenNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4717065046Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.12.2023Søknadsfrist: 29.10.2023
Årstadveien 19, 5009 BergenStort kartHybridkartFlyfoto