Avdelingssjef
Helse Bergen
Bergen
Avdelingssjef, Teknisk avdeling
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Avdelingssjef
Frist
06.11.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Dei fleste ikkje-medisinske avdelingane ved sjukehuset er tilknytta Drift/teknisk divisjon. Divisjonen har om lag 1000 årsverk, eit brutto driftsbudsjett på to milliardar kroner og ansvar for styring av ein investeringsportefølje på om lag ein milliard kroner.Vi søker no ein avdelingssjef for Teknisk avdeling som ønsker å vidareutvikle og forsterke den faglege retninga til avdelinga. Du vil leie ei gruppe dedikerte fagfolk med god og lang erfaring frå sjukehuset.Teknisk avdeling har ansvar for drift, service og vedlikehald av ikkje-medisinsk utstyr, infrastruktur og føretaket sin bygningsmasse på om lag 500.000 m2. Avdelinga har 135 tilsette, eit bruttobudsjett på om lag 350 millionar kroner. Avdelinga er delt inn i to einingar - Byggteknisk- og Eigedomseining og seks seksjonar; Elektro, HMS&Kvalitet, Transportteknisk, Sterilteknikk, Teknisk Voss og Teknisk rus & Psykiatri. Avdelinga har og ansvar for ei prosjektportefølje på+/- 60 millionar kroner i vedlikehalds-investeringar.I tillegg til drift og vedlikehald av bygningar, har avdelinga ansvar for strømforsyning, oppvarming og kjøling, ventilasjon, vatn og avlaup, heisar og rulletrappar, røyrpost, automatiske transportanlegg og utvendige parkområde- og vegar. Teknisk avdeling har også drifts- og vedlikehald for produksjonsutstyr som autoklavar, dekontaminatorar, steriliseringsmaskinar, instrumentvaskemaskinar; kjøkkenbuffétar, anlegg for medisinske gassar og medisinsk trykkluft; vatnreinsing /dialyse, fryserom og kjemikaliereinsing.Ny avdelingssjef er opptatt av å ta del i den teknologiske utviklinga av den komplekse bygningsmassen og infrastrukturen ved Haukeland universitetssjukehus.Som avdelingssjef ved Teknisk avdeling rapporterer du til Askjell Utaaker, divisjonsdirektør ved Drift/teknisk divisjon og sit i divisjonen si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
Leiing og drift av Teknisk avdeling si verksemd både fagleg, administrativt og økonomisk Ansvar for at avdelinga blir vidareutvikla og tilpassa komande oppgåver Ansvar for god samhandling med andre avdelingar, institusjonar og firma Ansvar for rett fagleg utvikling av dei tilsette Vere pådrivar i arbeidet for eit aktivt kompetansemiljø ved avdelinga Sikre kvalitet og effekt av aktivitetVere sjukehuset sin kontakt mot styresmakter i aktuelle saker Medansvar for at Drift/teknisk divisjon når sine mål
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning gjerne med mastergrad/sivilingeniør innan teknologifagLeiarerfaring frå fagområdet er ønskjeleg, gjerne også leiarutdanning Erfaring frå og innsikt i store komplekse organisasjonar Erfaring med forbetringsarbeid Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Tenker heilskaplegTaklar ulike oppgåver og problemstillingar på ein gong i eit hektisk og travelt arbeidsmiljø Nytenkande med gjennomføringsevneHar ein inkluderande og samhandlande leiarsti
Vi tilbyr
Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit godt arbeidsmiljøGode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningaMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Ledelse
Nøkkelord
Avdelingssjef,, drift-teknisk, divisjon,, sykehus
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Askjell Utaaker
Stillingstittel
Divisjonsdirektør
Telefon
93 23 04 48
Søk her
Følg firma
2087 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto