Seksjonsleiar
Helse Bergen
Bergen
Seksjonsleiar ved Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR)
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Stadig fleire får kreft. Korleis vi støttar og bidrar til pasientane si kunnskap om tilheiling og rehabilitering har mykje å seie for korleis dei får det etter sjukdom. Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR) tilhøyrer Kreftavdelinga, og er eit senter for kreftramma og deira pårørande. Vi gir opplæring til kreftpasientar og pårørande rehabilitering i form av råd om livsstil og åtferdsendring, trygdespørsmål og meistring så vel som fysisk opptrening, psykososiale støttetiltak og rekreasjon. Tilbodet kan nyttast i forkant av, under og etter behandling. Pusterommet treningssenter er ein del av senteret.KOR har 13 medarbeidarar. Vi er sentralt plassert i Parkbygget, men har nære samarbeidspartnarar i kort gangavstand. Vår mangeårige leiar går nå av med pensjon. Vi søker difor ein leiar som vil vidareutvikle tenesta, både med tanke på felles løysingar, nye samarbeidsarenaer, tilpassa behandling, e-meistring og tett samarbeid med forsking og pasientorganisasjonar. Det er viktig for oss å arbeide forskingsbasert og vi tar del i fleire forskingsprosjekt. Leiar er p.t ein del av leiargruppa ved Kreftavdelinga.
Arbeidsoppgåver
Seksjonsleiar har ansvar for drift, fag, økonomi, budsjett og personell knytta til seksjonenMarkedføring av seksjonen sitt tibod til pasientarSamarbeid med relavnte avdelingar, einingar og pasientorganisasjonarSøke om forskingsmidlar med henblikk på korte- og langsiktige effektar ev opplæring og rehabilitering
Kvalifikasjonar
Gode leiareigenskapar og leiarerfaring er ein fordelFormell leiarutdanning er ønskeleg, men ikkje eit kravDet er ein fordel kunnskapar om rehabilitering for pasientar med ulike kreftdiagnosarDu er opptatt av å arbeide forskingsbasertErfaring frå leiing av endringar vil vektleggast positivtDu er god til å formidle kva ein kan gjere sjølv og kva moglegheiter som finst mht. tilbod og hjelp som finstRelevant helsefagleg bakgrunn
Personlege eigenskapar
Du er samlande, har eit godt lag med folk, og får fram det beste i dine medarbeidararDu er kommunikativ, engasjert og motivert for å skape felleskapfølelse på tvers av avdelingar og fagområderDu har god fagleg vurderingsevne, er strukturert og resultatorientertDu arbeidar godt både sjølvstendig og i teamDu arbeider målretta og tåler å stå i krevande situasjonarDu arbeider strukturert og analytisk med ein positiv endringsdrivar
Vi tilbyr
Interessante, samfunnsnyttige og meiningsfulle arbeidsoppgåverDyktige og engasjerte kollegaerGodt arbeidsmiljø med god kollegastøtte og høg fagleg kompetanseEit godt fagleg miljø i ein organisasjon som er i stadig utviklingUtfordrande og variert arbeidEin trygg arbeidsplassEi kreftavdeling i verdsklasseLønn og tiltredelse etter avtale MangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Ledelse
Nøkkelord
seksjonsleiar,, seksjonsleder,, kreftavdeling,, KOR,, Kreftsenter
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Åsa Karlsdottir
Stillingstittel
Ass. avdelingsoverlege
Telefon
99 03 78 60
Søk her
Følg firma
2087 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto