Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Helse Bergen
Bergen
Fast stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Ungdomsposten er p.t ein 7 døgns utgreiings- og behandlingspost med kapasitet til 10 pasientar for ungdom mellom 13 og 18 år med ulike psykiske lidingar. Innlegging er basert på frivilligheit. Dei tilsette på Ungdomsposten, arbeider i snitt kvar 4. helg.Oppgåvene til Ungdomsposten er knytt til utgreiing, diagnostisering og utarbeiding/utprøving av tiltak og behandling. Ungdomsposten gir spesialisert helsetilbod til barn og unge med psykiske vanskar, og deira pårørande. Posten er tverrfagleg bemanna med miljøterapeutar med hovudvekt på sjukepleiarar og vernepleiarar, samt barnevernspedagogar og studentar innan helse- og sosialfag. På behandlarsida har vi barne- og ungdomspsykiatere, psykolog/ psykologspesialistar, - samt legar i spesialisering (LIS).Vi søker erfarne, engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar.For å få ein variert balanse i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.Alle i personalgruppa skal fortrinnsvis ha særskild kompetanse for å arbeide med ungdom med psykiske lidingar. Det er ønskeleg at eit fleirtal av personalet skal ha spesialisering eller vidareutdanning innan sitt fagfelt.Vedkommande som får tilbod om tilsetting, må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a.
Arbeidsoppgåver
Pasientoppfølging/miljøkontakt i post - observere, kartlegge og dokumentere pasientane sine behov, samt iverksette miljøterapeutiske tiltakKvar pasient har eit team knytt til seg beståande av 2 miljøkontaktar og ein behandlar som samarbeider tett om inntak, utgreiing og behandling av pasientenBidra til å skape ei trygg postatmosfære med omsorg, støtte, struktur og gode grenser for kvar enkelt pasientÅ ha kontakt med pårørande blir sett på som ein naturleg del av det miljøterapeutiske arbeidetInntak av nye pasientarPraktiske oppgåverAnsvarsvaktAdministrering av legemiddel
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar med relevant vidareutdanningErfaring innan psykisk helsearbeidFagleg engasjement innan psykisk helsearbeidMå ha grunnleggande IKT-kompetanse (Windows OS og Office)Ønskeleg med kunnskap om EPJ (elektronisk pasientjournal)Må meistre norsk, både munnleg og skriftleg godtDet blir lagt vekt på å vere personleg eigna
Personlege eigenskapar
Har respekt for den enkelte pasientEr sjølvstendige, løysingsorienterte og målrettaHar god struktur, men samstundes evne til å vere fleksibelHar gode kommunikasjonsevnerHar evner til å førebygge konfliktar og aggresjon, og å ivareta og handtere engstelege og/eller agiterte pasientarEr tilpassingsdyktige og taklar stressande situasjonar med ro og fagleg handlingBidrar til eit godt arbeidsmiljø Er motivert til å arbeida i eit aktivt og travelt miljø, og har høg arbeidsmoral
Vi tilbyr
Arbeid i snitt kvar 4. helgLønn i samsvar med gjeldande overeinskomst Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivåInternundervisningFagdagar blir lagt fast i turnus x 2 pr. år med tema som er knytta til kva posten har behov forFagleg og personleg utviklingRettleiing av ekstern rettleiar kvar 4 veke for fast tilsetteAlle tilsette får 2 dagars grunnkurs i Map trening. (møte med aggresjons-problematikk)Regelmessig Map trening ligg fast i turnusIntroduksjonskurs/brannkurs m.m via læringsportalen Fadderordning for nye medarbeidarar Gode pensjons- og forsikringsordningarPBU er ein IA- bedrift, inkluderande arbeidsliv for ivaretaking av arbeidstakarar ved sjukdomMangfaldserklæringVi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsbakken nr. 15, Bus, blokk 2, 2 etg, 5009 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier / Psykiatri,
Sykepleier
Nøkkelord
vernepleier,, sykepleier,, videreutdannelse,, PBU
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Astrid Bjorøy
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 58 44
Kontaktperson
Ingunn Prestegard
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Telefon
55 97 63 99
Søk her
Følg firma
2079 følger dette firmaet
Haukelandsbakken nr. 15, Bus, blokk 2, 2 etg, 5009 Bergen