Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk
Arbeidsgiver Helse Bergen Stillingstittel Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk Frist 30.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus
Vil du bli direktør for kreftavdelinga? - eit kraftsenter innan kreftbehandling og forskingAvdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk på Haukeland Universitetssjukehus er ei avdeling med ansvar for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest. Avdelinga er i stor vekst med aukande aktivitet og ei kostnadsramme på 620 millionar kroner og om lag 430 årsverk. Som avdelingsdirektør vil du leie dyktige og engasjerte fagfolk og du evner å sette i verk tiltak og prosessar gjennom godt samarbeid. Om Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk Ved sida av utgreiing og behandling av pasientar blir det arbeidd med forbetring av eksisterande behandlingsmetodar og forløp, utvikling av nye behandlingstilbod og forsking. Ved stråleterapi blir det lagt stor vekt på å bruke behandlingsopplegg som er utarbeida spesielt for den enkelte pasient. Les meir om avdelinga herSom avdelingsdirektør ønskjer du å vidareutvikle avdelinga mot framtida og du forstår balansen mellom god klinisk drift, forsking og utvikling Avdelinga legg vekt på tverrfaglege team for kontinuerleg å forbetre og utvikle tenestene. Det er høg forskingsaktivitet ved avdelinga og fleire forskingsgrupper med nasjonalt og internasjonalt gjennomslag. Her kan brystkreftgruppa, melanomgruppa og gliomgruppa nemnast. Å skape interesse for forsking er sentralt i faget si utvikling og har høg prioritet ved avdelinga.Protonterapi blir etablert ved Haukeland universitetssjukehus som eitt av to anlegg i Noreg. Avdelinga er sentral i planlegging av fleirregional funksjon protonterapi, delt mellom Oslo universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus. Om protonsenteret i BergenHaukeland sjukehus er medlem av Organisation of European Cancer Institutes (OECI), og er i gang med akkrediteringsprosessen som forventast å ta ca. 2 år som eit Comprehensive Cancer Center. I dette arbeidet vil Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk spele ei nøkkelrolle. Vi søkjer ein avdelingsdirektør som: bidrar til vidareutvikling av god drift og organisering av klinikken gjennom godt leiarskap ønskjer å være ein god samarbeidspartner for einingane på sjukehuset, for sjukehusa i regionen og nasjonalt bidrar til å oppretthalde og vidareutvikle den høge aktiviteten innan forsking og utdanning ved klinikken Som direktør vil du rapportere til administrerande direktør og være ein del av føretaksleiinga ved Haukeland universitetssjukehus. Ta gjerne kontakt for ytterlegare informasjon.
Arbeidsoppgåver Sikre rett utvikling av behandling gjennom medisinsk prioritering Være ein aktiv bidragsytar for å leggje til rette for vår felles helseteneste Leie strategi-, verdi- og haldningsarbeid Skape effektive pasientløp gjennom god planlegging og samhandling internt og eksternt Totalansvar for økonomi, personale, drift, fag og kvalitet Samhandlar med andre einingar på sjukehuset, primærhelsetenesta samt universitet og høgskularBidra til at medarbeidarar er engasjerte med ønskje om kontinuerleg å forbetre eigen arbeidskvardag Legge til rette for opplæring, utdanning og forsking Medansvar for å bidra til at føretaket når sine mål
Kvalifikasjonar Helsefagleg, medisinsk-, eller anna relevant høgare utdanning Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning/-kurs God kunnskap om spesialisthelsetenesta, våre oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar God kunnskap og erfaring innan forbetringsarbeid og -prosessar Erfaring frå leiing av forskingsdriven utvikling og innovasjon Erfaring frå tverrfagleg samarbeid og samarbeid med universitet og høgskular
Personlege eigenskapar Inspirerande, involverande og handlekraftigOverordna styrings- og gjennomføringsevne Resultat, økonomi- og organisasjonsforståing Strukturert og planmessig i arbeidet Robust med evne til å være tydeleg og synleg Viser sjølvinnsikt og klokskap i leiarrolla Balanserer refleksjon og analyse med handlekraft
Vi tilbyr Ei spennande og utfordrande leiarstilling i eit sjukehus med stort fokus på kvalitetsforbetring og pasienttryggleikGode forsikringsordningar og ei av landets beste pensjonsordningarLønn etter avtale
Om arbeidsgiveren Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 12.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane våre, og rett opplæring til våre pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 800.000 pasientar og bidreg i utdanninga av eit par tusen helsearbeidarar. Forsking er ei viktig oppgåve, og vi er blant dei fremste i landet innanfor dette feltet. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Sektor Offentlig Lederkategori Direktør Sted Haukelandsveien 22, 5021 Bergen Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Lege, Ledelse, Helsepersonell
Nøkkelord kreftbehandling, forskning, forbedring
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Tove Huse Bjerkevoll Stillingstittel Rådgivar innan leiarrekruttering Telefon 48 07 38 34 Send melding
Søk her
Følg firma 2087 følger dette firmaet
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Avdelingssjef
0.93 Seksjonsleiar
0.93 Overlege ved Avdeling for Rusmedisin
0.93 Rådgjevar
0.93 Helsesekretær
0.92 Rådgjevar
0.92 Avdelingsleder
0.92 Overlege onkologi
0.92 Overlege/bedriftslege
0.92 Forsknings- og innovasjonsleder
0.92 Intensivsjukepleiar
0.92 Avdelingssjef
0.91 Rådgiver
0.91 Avdelingssjef fysioterapi- og rehabiliteringsavdelingen
0.91 Sykepleier fast stilling
0.91 Avdelingsleder – Helse- og oppvekstfag
0.91 Avdelingsdirektør
0.91 Assistentstilling ved Regional sikkerheitsavdeling
0.91 Bioingeniør/avdelingsingeniør
0.91 Helsesekretær
0.91 Sjukepleiar og vernepleiar til faste stillingar ved Psykisk helsevern
0.91 Studiesykepleier
0.91 Sykepleier
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingsleder
0.91 Spesialsykepleier med videreutdanning i kreft eller palliasjon
0.91 Avdelingssykepleier
0.91 Helsesekretær/sekretær
0.91 Psykologspesialist/psykolog
0.91 Overlege
0.91 Overlege
0.91 Barne-og ungdomsarbeider
0.91 Seksjonssjef for kontaktpunkt
0.91 Saksbehandler
0.91 Seksjonsleder
0.91 Overlege radiologi
0.91 Spennende rullerende stilling som sykepleier
0.91 Avdelingssjef
0.91 Helsesekretær
0.91 Overlege
0.91 Psykologfaglig rådgiver
0.91 Etatsdirektør for psykisk helse og rustjenester
0.91 Seksjonsleder
0.91 Avdelingsleder
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Spes.sykepleier/sykepleier
0.91 Avdelingsleder Hjelpemiddelhuset
0.91 Psykologspesialist/psykolog
0.91 Overlege
0.91 Psykologspesialist
0.91 Avdelingsleder
0.91 Sykepleier
0.91 Helsesekretær
0.91 Avdelingsleder
0.91 avdelingsleder skole
0.91 Sykepleier 60 % stilling
0.91 Sjukepleiar ved oppvakningsavdelinga - Kysthospitalet i Hagevik
0.90 Sykepleier 100 % stilling
0.90 Fast 100% stilling for vernepleiar/ sjukepleiar med relevant vidareutdanning