Bioingeniør/avdelingsingeniør

Helse Førde
Førde
Bioingeniør/avdelingsingeniør
Arbeidsgiver Helse Førde Stillingstittel Bioingeniør/avdelingsingeniør Frist 23.10.2023 Ansettelsesform Vikariat
Interessert i fagfeltet patologi - og ivrar etter ein spanande og meiningsfylt jobb?Avdeling for patologi ved Førde sentralsjukehus har ledig vikariat som bioingeniør/avdelingsingeniør med snarleg tiltreding. Her arbeider vi saman om diagnostikk på vev- og celleprøvar. Ein diagnose fra patolog fortel om pasienten har kreft eller andre sjukdommar - og gir eit godt grunnlag for best mogleg behandling. Vi mottek prøvar frå pasientar i dei kliniske avdelingane ved sjukehusa og frå primærhelsetenesta. Med digitalisering og persontilpassa medisin som ein del av vår kvardag, er utviklinga i faget rask og spennande. Avdeling for patologi i Helse Førde har omfattande diagnostiske funksjonar innan histologi, immunhistokjemi, generell cytologi, molekylærbiologi og autopsi. Vi har kring 25 medarbeidarar - og undersøker ca. 13 000 prøvar årleg frå eit variert prøvemateriale. Vi jobbar også mot å bli eit akkreditert laboratorium og har kontinuerleg forbetring i fokus. Vi søkjer ein medarbeidar som har kompetanse og engasjement til å vere med på vidare utvikling ved avdeling for patologi - og som vil vere ein viktig bidragsytar til viktig diagnostikk for våre pasientar. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus med kliniske avdelingar for indremedisin, kirurgi, ortopedi, nevrologi, kreft, barn og ungdom, kvinneklinikk, øyre-nase-hals, intensiv og psykiatri. Førde ligg sentralt i tidlegare Sogn og Fjordane, med god tilgang til flott vestlandsnatur. Her er gode moglegheiter for topptur både sommar og vinter, samt kort veg til kyst og båtliv. Førde er eit handelssentrum med eit rikt kulturelt tilbod som strekker seg frå kunst til konsertar.
Arbeidsoppgåver Delta i dagleg produksjon ved laboratoriet, i ein kombinasjon av tradisjonelle metodar og moderne automatiske metodar. Laboratoriepersonell tar ut vevsmateriale til mikroskopisk vurdering (makrobeskjæring) som vidare støypast inn i parafinblokker, snittast og deretter fargast med ulike fargeteknikkar.Rullering av arbeidsoppgåver tilpassa drift.Dagtidsarbeid måndag - fredag.
Kvalifikasjonar Autorisert bioingeniør. Annan relevant høgare utdanning blir vurdert. Relevant praksis/arbeidserfaring frå patologilaboratorie/laboratorie er ein fordel Må beherske norsk godt, både munnleg og skriftlegGrunnleggande IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar Nøyaktig og strukturert - med sans for ordenEvner til å arbeide i eit travelt laboratoriemiljøAnsvarsbevisst og sjølvstendigPositiv og omgjengelegGode evner til samarbeid og kommunikasjonBidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr Spanande jobb i eit triveleg arbeidsmiljø Fleksitidsordning om ønskjeleg, kjernetid kl. 08.30-15.00. Løn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons - og forsikringsordningarArbeidsplass som er IA-bedriftBistand til å skaffe bustad MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor Offentlig Sted Svanehaugvegen 2, 6812 Førde Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Helsepersonell / Bioingeniør
Nøkkelord bioingeniør;, avdelingsingeniør
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Kristina Apalseth Stillingstittel Seksjonsleiar Telefon 95 92 33 40
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Helse Førde HF
Følg firma 61 følger dette firmaet
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Bioingeniør
0.94 Bioingeniør i tredelt turnus
0.94 Bioingeniør
0.93 Bioingeniør
0.93 Bioingeniør
0.93 Bioingeniør
0.92 Helsesekretær
0.92 Bioingeniør
0.92 Fagansvarlig bioingeniør
0.92 Seksjonsleiar laboratorium for patologi
0.92 Bioingeniør
0.92 Fagbioingeniør
0.92 Fast stilling - Fagansvarleg ingeniør Poliklinikk og PNA
0.91 Bioingeniør med spesialansvar kvalitet
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Fagradiograf mammografi
0.91 Avdelingssjef
0.91 Fagansvarlig bioingeniør
0.91 Rådgjevar
0.91 Bioingeniør
0.91 Avdelingsdirektør ved kreftbehandling og medisinsk fysikk
0.91 Spes.sykepleier/sykepleier
0.91 Helsefagarbeidar
0.91 Rådgjevar
0.91 Sykepleier
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Sykepleier fast stilling
0.91 Overlege/bedriftslege
0.91 Ingeniør/Bioingeniør
0.91 Bioingeniør
0.91 Vikar 100% Helsefagarbeider
0.91 Helsefagarbeider/miljøarbeider
0.91 Er du sykepleier og ønsker å jobbe med kirurgiske pasienter?
0.91 Beredskapsleiar
0.90 Er du vår nye bioingeniør?
0.90 Molekylærbiolog
0.90 Bioingeniør/Helsesekretær
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Sykepleier
0.90 Bioingeniør
0.90 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.90 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.90 Helsefagarbeidar
0.90 Avdelingsleder
0.90 Helsefagarbeider 100% Storåsen bofellesskap.
0.90 Fagutviklingssykepleier
0.90 Helsefagarbeider
0.90 Ledende fagbioingeniør hematologi
0.90 Avdelingssykepleier
0.90 Enhetsleder
0.90 Fag- og kvalitetsrådgiver
0.90 Psykologspesialist/psykolog
0.90 Intensivsjukepleiar
0.90 Sjukepleiar
0.90 Helsefagarbeider i turnus
0.90 100% fast stilling bioingeniør
0.90 100 % fast stilling for helsefagarbeider
0.90 Fast 100% Helsefagarbeider