Sjukepleiar
None
Førde
BeskrivelseSer du etter 100% fast stilling som sjukepleiar med mogelegheit til å påverke din eigen turnus?Bemanningssenteret i Helse Førde har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå 02.01.2024 eller etter avtale.Vi formidlar pleiepersonell til helseforetaket sine poliklinikkar og sengepostar innan både psykiatri og somatikk ved kortare og lengre fråvær.Som sjukepleiar i Bemanningssenteret, vil du arbeide med fleire avdelingar og ulike pasientgrupper, noko som vil gje deg ein unik mogelegheit til å utvikle ein brei og allsidig fagkompetanse. Du vil få opplæring i 1-4 avdelingar som du skal jobbe på og tilgang på eit mangfald av kollegaer som hjelpe deg å lukkast. Du vil få opplæring tilpassa dine behov samt vere med på å utarbeide eigen turnusplan. Vi tilbyr eit tillegg på kr 38.400,- som særavtale for tilsette i Bemanningssenteret. For meir informasjon om Helse Førde - sjå her.ArbeidsoppgåverSjukepleie til pasientar innan fleire fagfelt ved ulike avdelingar (poliklinikk og sengepost) MedikamenthandteringPasientadministrativt arbeidDekke bemanningsbehov for kortare eller lengre periodarVere ein del av arbeidsfellesskapet i seksjonaneKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiarMå beherske godt norsk både munnleg og skriftlegDet er ønskjeleg med relevant erfaringPersonlege eigenskaparVi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team, og at du kan kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer. Ei av våre styrker er at vi er ei inkuderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige for ossVi tilbyrFleksibilitetstillegg kr 38.400,- pr år i 100 % stilling , tillegget blir redusert ved lågare stillingsandelEin utfordrande og variert jobbNært samarbeid med andre faggrupper og fagleg utviklingGode pensjons- og forsikringsordningarInternundervisning, fagdagar, rettleiing og refleksjonsarenaerLøn i samsvar med gjeldande overeinskomstEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.KontaktinformasjonMette-Lise Sørland, Seksjonsleiar, +47 578 31546ArbeidsstadSvanehaugvegen 26812 FørdeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4718236179Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 02.01.2024Søknadsfrist: 24.10.2023
Svanehaugvegen 2, 6812 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto