BeskrivelseLærdal sjukehus har ledig stilling for sjukepleiar på Medisinsk sengepost og poliklinikk: 40% fast stilling på Medisinsk poliklinikk kombinert med 60% vikariat på Medisinsk sengepost fram til 01.01.2025 - moglegheit for forlenging av vikariatet.Dette er lyst ut som ei stilling og er ikkje tenkt å delast opp. Stillinga vert delt mellom sengepost og poliklinikk, og inngår i avdelingane sin årsarbeidsplan med arbeid i snitt kvar tredje helg.Sengeposten har 12 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. Dialysetilbodet er ope 6 dagar i veka.Medisinsk poliklinikk tilbyr utgreiing, behandling og oppfølging av pasientar med indremedisinske problemstillingar og infusjonspoliklinikk. Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter. Meir informasjon om Lærdal kan du lese ved å klikka her. Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. ArbeidsoppgåverMottak og oppfølging av pasientar på sengepost og poliklinikkSjukepleie til medisinske pasientarTa del i oppgåver som ligg til avdelingaSamarbeid i team med andre yrkesgrupperOpplæring og rettleiing av studentarArbeidsoppgåver delegert frå leiar Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.KvalifikasjonarMå ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiarGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.Gode IKT-kunnskaparErfaring frå arbeid på sengepost og poliklinikk er ein fordelMå kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne Personlege eigenskaparDu har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektivDu arbeider godt både sjølvstendig og i teamDu ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljøDu trivast i eit aktivt og travelt miljøDu er fagleg engasjertDu jobbar strukturert og målrettaPersonlege eigenskapar vil bli vektlagtVi tilbyrGod innføring og opplæring i arbeidsoppgåverFagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanningLønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarTriveleg arbeidsmiljøPersonalhytte på FilefjellHjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)MangfoldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.KontaktinformasjonAnne-Malene Hande, Einingsleiar poliklinikk LSH, 477 52 466Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar sengepost LSH, 479 06 594ArbeidsstadSjukehusvegen 96887 LærdalNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4716050057Stillingsprosent: 60%FastSøknadsfrist: 18.10.2023
Sjukehusvegen 9, 6887 LærdalStort kartHybridkartFlyfoto