Sjukepleiar eller vernepleiar
None
Hareid
BeskrivelseVil du ha ein meiningsfull og givande jobb, tett på menneske som treng ekstra hjelp i kvardagen? Du får jobbe langvakter, der du har tre arbeidshelgar i ein periode på 12 veker. Vi ser etter ein ny medarbeidar med initiativ og handlekraft, og god til å stå løpet ut. ArbeidsoppgåverI bu og habilitering gir vi tenester til menneske som er utviklingshemma, eller har nedsett funksjonsevne. Du vil jobbe med vaksne brukarar, og born på avlasting. I denne stillinga vil du ha medisinansvar, site i primærgruppe og rettleie personalet i det daglege miljøarbeidet. Du vil ha ansvar for å utarbeide og gjennomføre miljøterapeutiske tiltak. Du får også arbeide med individuelle mål for våre brukarar, føre journal, hjelpe til med daglege gjeremål og fritidsaktivitetar. Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga. KvalifikasjonarDu er autorisert verne- eller sjukepleiar. Det kan vere ein fordel om du har erfaring frå tilsvarande jobb, og kjenner godt til helse- og omsorgstenestelovas kapittel 9. Som vår nye medarbeidar er du god i norsk språk, og formulerer deg bra både munnleg og skriftleg. Du har gode datakunnskapar. Stillinga krev at du har førarkort klasse B, og leverer godkjend politiattest av ny dato. Personlege eigenskaparDu er trygg , pliktoppfyllande med gode verdiar. Det viktig at du kan jobbe godt både sjølvstendig og i team. I utfordrande situasjonar er du roleg og trygg, og taklar hektiske perioder. Vi vil at du skal vere med oss og skape gode relasjonar til våre brukarar, pårørande og kollegaer. Vi tilbyrArbeidoppgåvene er utfordrande og varierte. Du blir ein del av eit tverrfagleg miljø og nettverk, og du får naudsynte kurs og opplæring. Vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar, blant anna gruppeliv- og fritidsforsikring,Løn og arbeidsvilkår er etter gjeldande tariffavtale, lokale avtalar, lov og avtaleverk. For at du skal få rett løn til rett tid, må du levere vitnemål og attestar. Last dei opp som filvedlegg til søknaden din. Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste på nettsidene våre. Du kan som søkar kan be om å bli anonymisert på ei slik liste, jamfør offentleglova paragraf 25. Ønsker du dette, må du opplyse om det, og grunngi søknaden. Hareid kommune kan likevel avgjere at namnet ditt skal offentleggjerast. Vi kontaktar deg i så fall i forkant.KontaktinformasjonCesilie Sundgot, Einingsleiar, +47 45449231ArbeidsstadTeigevegen 556060 HareidNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4713488905Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 11.10.2023
Teigevegen 55, 6060 HareidStort kartHybridkartFlyfoto