Vernepleier
None
Treungen
BeskrivelseKåsa bu- og avlasting søker vernepleiar/sjukepleiar i 2 x 100% fast stilling -- Id 2023/1150Kåsa er ein bustad i Nissedal kommune med 8 leilegheiter, samt avlastingsplass for bebuarar med utviklingshemming. Bebuarane som bur her er spreidd i alder, frå barn til eldre. Og det er variasjonar i hjelpebehovet.Vår kompetanse er særlig knytt til autisme og åtferd, utviklingshemming og somatikk. Vi har eit bredt spekter av fagleg kompetanse og dyktige tilsette med mange års erfaring i feltet. Det er innarbeida team rundt bebuarane med delegerte arbeidsoppgåver. Vi vektlegg fokus på fageig utvikling og kvalitet i tenesta som blir gitt, og det er eit stort engasjement og delaktighet. Det er fokus på livskvalitet, gode relasjonar og ein meiningsfull kvardag.ArbeidsoppgåverMedikamenthandteringFagansvarFremme målretta og metodisk miljøarbeid, samt delta i bebuaranes daglege aktivitetar og gjeremålKoordinere tenestar og samarbeide tverrfaglegRettleiing og opplæring av kollegaerHandtere uforutsette situasjonar på ein fagleg og etisk forsvarleg måtePraktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåverJamleg samarbeid med pårørandeBidra til å utvikle eit godt og fagleg arbeidsmiljøKvalifikasjonar:Autorisert vernepleiar eller sjukepleiarAnnan 3-årig universitetsutdanning innan helse- og sosialfag, med erfaring innan brukargruppaKan beherske digitale verktøyGode norskkunnskaper, muntleg og skriftligFørarkort klasse BGyldig politiattest må leggast fram før arbeidsforholdet startar. Denne attesten skal ikkje ligge ved søknaden.Personlege eigenskapar:SamarbeidsevneFleksibelInteresse for fagleg utviklingsarbeidEngasjert og løysningsorientertPositiv og opptatt av eit godt arbeidsmiljøVi tilbyr:Eit godt fagmiljø med engasjerte og positive kollegaerVarierte arbeidsoppgåver i ei verksemd i endringArbeid i turnus, med ulike helgeordningar som ordinære vakter kvar 3. helg eller langvakter kvar 4. eller 6. kvar helg. Det er også moglegheit for langvakter i vekedagarTilsetjingsvilkår etter gjeldande lov og kommunen sitt reglementLønn etter tariff, og ein inngangsansiennitet på 10 år for personell med høgskuleutdanning på bachelor-nivå.Søkjarlista kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervju.Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar Kristine Vik Ohren på e-post: kristine.vik@nissedal.kommune.no og tlf. 35 04 85 73 mob. 47 62 05 29.Søknad på elektronisk søknadsskjemaSøknadsfrist: 25.10.2023
Treungvegen 398, 3855 TreungenStort kartHybridkartFlyfoto