Sjukepleiar - 100% fast Manger heimeteneste
None
Manger
BeskrivelseKlar for ei spanande reise? Bli med i teamet vårt og bli ein verdfull bidragsytar i eldreomsorgen!Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg. I tillegg kan du velje å binde deg i 2 år mot eit tillegg på kr 50.000,- ved tiltrede. ArbeidsoppgåverHeimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta. Om Manger heimetenesteHeimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har ca 32 årsverk og gjev tenester til brukarar som bur på Radøy, og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.KvalifikasjonskravAutorisert sjukepleiarFørarkort klasse BKven er du?Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel.Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkPensjonsordning i KLPPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Idrettsvegen 2, 5936 MangerStort kartHybridkartFlyfoto