Helsefagarbeidar - 100% fast - Lerketunet
None
Frekhaug
BeskrivelseOm stillingaFrå 1. januar har vi ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar i turnus med arbeid kvar 3. helg.ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie.Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir. Meland sjukeheim og Lerketunet:Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidararKvalifikasjonskravAutorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegKven er du?Vi søkjer etter helsefagarbeidarar som har eit genuint engasjement for dei som lever med demens, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kollegaer. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i di utøving av yrket.Vi tilbyr:Løn etter gjeldande tariffavtalePensjonsordning gjennom KLPGodt arbeidsmiljøFagleg stimulerande miljø med dyktige og engasjerte kollegaePolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5- 4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest før tiltreding i stillinga.Vi er Alver!Bli betre kjent med Alver kommune!
Havnevegen 14, 5918 FrekhaugStort kartHybridkartFlyfoto