Helsefagarbeidar
None
Hosteland
BeskrivelseOm stillingaMasfjorden kommune søker etter helsefagarbeidar i fast 100% stilling, med arbeidsstad for tida i heimetenesta Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden. Masfjorden kommune er i gong med prosjektet TØRN der me ser på organisering og oppgåvefordeling i omsorgtenesta. Korleis med fordelar oppgåvene og nyttar helsefagarbeidaren sin kompetanse er ein viktig del i dette arbeidet. Me ser etter deg som Er helsefagarbeidarar med autorisasjon Som har evne til å arbeide sjølvstendig og i team Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer Vert motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø Kan delta i alle arbeidsoppgåver Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie Har førarkort klasse B Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning Me tilbyr Ein interessant og utfordrande jobb saman med Dyktige kollegaer Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling Varierte arbeidsoppgåver Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 20 000 kroner utover tariff og 50 kroner ekstra pr. time i helgetilleggBetalt lunch frå 01.01.2024For stillingane gjeld Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar 3.helg Krav om politiattest Slik søker du Lenke til søknandsskjema finn du på heimesida www.masfjorden.kommune.no. Dersom du treng hjelp til registrering av søknad kan du ta kontakt med tenestetorget på telefon 56 16 62 00. Heimetenesta Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Fensfjordvegen, 5986 HostelandStort kartHybridkartFlyfoto