BeskrivelseOm stillingaVi har ledig 2x100 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart 06.12.2023. Stillingane går i todelt turnus, med arbeid i snitt kvar 3. helg. ArbeidsoppgåverHeimetenesta yter tenester til brukarar som bur i eigen heim eller i Skrenten omsorgsbustad. Tenestene omfattar mellom anna heimesjukepleie, heimehjelp, middagsombringing og administrasjon av medisinar. Det er krav til dokumentasjon i Profil av tenestene ein gjev. Arbeidet i heimetenesta fordrar at ein jobbar tverrfagleg til beste for brukarane, både innad i kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.Om avdelingaAvdeling Lindås Heimeteneste har base på Lindås bu og Servicesenter og gjev tenester til brukarar i Lindåsområdet, både i heimen og i omsorgsbustaden Skrenten. Skrenten er ein døgnbemanna omsorgsbustad for eldre som ikkje lenger kan bu aleine, men treng døgnkontinuerlig tilsyn. KvalifikasjonskravAutorisasjon som helsefagarbeidar, hjelpepleiar eller omsorgsarbeidarFørarkort klasse BKven er du?• Du er inspirerande og engasjert• Du kan prioritera i ein travel kvardag• Du har evne og vilje til å arbeida for eit godt arbeidsmiljø• Du kan skapa arbeidsglede i ein hektisk kvardag• Du er løysningsorientert, påliteleg og fleksibel• Du er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga• Du må ha evne til å arbeide sjølvstendigVi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkPensjonsordningPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Storbruhaugen 36, 5955 LindåsStort kartHybridkartFlyfoto