BeskrivelseOm stillingaVi har ledig 2 helgestillingar på 15 % med arbeid kvar 3. helg til deg som er anten helsefagarbeidar, student innan sjukepleie eller vernepleie, eller assistent. Som student innan sjukepleie eller vernepleie vert du lønna etter eigen studentløn.Om avdelingaOstereidet heimeteneste består av ei ute- gruppe og ei inne- gruppe. Utegruppa gjev tenester til brukarar i tilhøyrande geografisk område, medan innegruppa gjev tenester til bebuarar som bur i heildøgnbemanna bustader på Ostertun. Ostertun består av 28 leilegheiter. Personalet har fast turnus inne og ute, men må pårekne å jobbe der det er behov for kompetansen. Avdelinga har eit godt tverrfagleg team av fagansvarleg, driftskoordinator, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar. ArbeidsoppgåverAssistent i heimetenesta har arbeidsoppgåver som hjelp til praktisk bistand (heimehjelp), personleg hygiene, påkledning, forflytning og måltid. Kvardagen hos oss er variert, og som assistent får du moglegheit til varierte oppgåver både sjølvstendig og i team med kollega. Heimetenesta samarbeidar tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Dei siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil.Med fast helgestilling er du ein viktig del av tilbodet som vert gitt i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling til brukarane våre. Du vil vere med og gi individuell oppfølging av pasientar, slik at dei kan få nytta sine eigne ressursar. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at brukarane skal få best mogleg behandling og pleie.KvalifikasjonskravFørarkort klasse B Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegØnska kompetanseErfaring frå heimeteneste og/eller sjukeheimKven er du?Du har engasjement for eldreomsorg og vil vere med på å utvikle tenesta til heimebuande eldre, anten dei bur i eigen heim eller i omsorgsbustad. Du jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med dine kollegaer. I tillegg er du samvitsfull og bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Vi ser etter deg som er ein fleksibel og løysingsorientert medarbeidar.Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGod pensjonsordning gjennom KLPPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Eidavegen 512, 5993 OstereidetStort kartHybridkartFlyfoto