BeskrivelseOm stillingaKvasten avlastningsbustad har ledig 4 stillingar med arbeid kvar tredje eller kvar fjerde helg. Fleire av stillingane er inkludert i langvakter, inntil 14 timar. ArbeidsoppgåverSom ein del av vårt team skal du utføre målretta miljøarbeid, og gje borna/ungdomane tryggleik, meistring og gode opplevingar. Samt dokumentere i elektronisk journal.Om avdelingaAvdelinga består av 4 ulike avlastningsbustader og aktivitetsbasert avlastning. I tillegg til dette gjev vi bistand på natt i ein privat heim og har ansvar for privat avlastning.I Kvasten avlastningsbustad legg vi vekt på at borna/ungdomane skal ha det så trygt som mogleg, der dei kan få gode opplevingar og oppleve meistring. Vi er også opptatt av tverrfagleg samarbeid og har tilsette med ulike utdanningar og erfaringar.Vi håpar at du vil vera med på å gjere avlastningsopphaldet trygt og godt for mottakarane av tenestene våre.KvalifikasjonskravBarne og ungdomsarbeidar/Helsefagarbeidar vil bli prioritert. Dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar kan det vurderast å vika frå utdanningskravet.Ønska kompetanse:Kjennskap til epilepsiErfaring med born og unge med nedsett funksjonsevne Erfaring med born og unge med atferdsutfordringarKven er du?Du er empatisk, omsorgsfull og kreativDu trivast sammen med born og ungeDu har kjennskap til emosjonsfokusert tilnærmingDu har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerDu har evne til å arbeida strukturert, sjølvstendig og målrettaDu har evne til å inspirere, motivere og skapa gode relasjonarDu er tålmodig, løysingsorientert og har godt humørPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi tilbyrLøn etter tariffavtaleGode rutinar og prosedyrarEin spanande og variert arbeidskvardagFaste samarbeidsmøte og rettleiingPensjonsordning via KLP
Kvernhusmyrane 41, 5914 IsdalstøStort kartHybridkartFlyfoto