Helsefagarbeidar - 100% vikariat - Lerketunet
None
Frekhaug
BeskrivelseOm stillingaVi har ledig eit vikariat i 100% stilling som helsefagarbeidar ved Lerketunet - Meland sjukeheim. Turnus med arbeid kvar 3. helg. Vikariatet er på ca. 6 månader og vi ønskjer tiltreding så snart som råd. ArbeidsoppgåverSom helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i avdelinga du arbeider på. Du arbeider sjølvstendig og i samarbeid med andre for å gi heilskapleg omsorg og behandling. Samarbeid på tvers av avdelingar og faggrupper er avgjerande for at bebuarane skal få best mogleg behandling og pleie.Du inngår i det tverrfaglege samarbeidet mellom sjukepleiar, fysioterapeut, ergoterapeut, sjukeheimslege med fleir. KompetansekraOm Meland sjukeheim og LerketunetMeland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidararKvalifikasjonskravAutorisasjon som helsefagarbeidar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegKven er du?Vi søkjer etter helsefagarbeidarar som har eit genuint engasjement for dei som lever med demens, og som vil væra med på å utvikle sjukeheimstenesta til det beste for pasientar og kollegaer. Du bidrar til eit positivt arbeidsmiljø og har fokus på samarbeid. Du er ein sjølvstendig medarbeidar, har eit godt fagleg fokus, og er samvittighetsfull i di utøving av yrket.Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGod pensjonsordning gjennom KLPPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest før tiltreding i stillinga.Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Havnevegen 14, 5919 FrekhaugStort kartHybridkartFlyfoto