Helsefagarbeidar vikariat 80 - 100%
None
Vossestrand
BeskrivelseVossestrand Omsorgstun ynskjer å fylgja med i tida. Difor vil me tilpassa oss framtida si helseteneste, og sikra rett kompetanse på rett plass til rett tid.Helse og omsorg arbeider etter tillitsmodellen med pasienten i fokus og med tenesteutøvarar som kan, vil og tør.Me tilbyr varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling, stort fleksibilitet og høg kvalitet, som skal drive omsorgstenesta opp og fram ved hjelp av kontinuerleg kompetansebygging, og nært tverrfagleg samarbeid.Det er for tida ledig inntil 100% vikariat grunna svangerskapspermisjon, med moglegheit for fast tilsetjing. Me søkjer etter deg med autorisasjon som helsefagarbeidar, men sjukepleiar og vernepleier kan verte vurderte. Me tilbyrstillingsprosent etter ynskje inntil 100% god turnus med moglegheit for tilrettelegging Om arbeidsstadenSom tilsett i Voss herad vil du få moglegheit til å verta ein del av eit dyktig fagmiljø, med dedikerte og kunnskapsrike tilsette. Me har eit godt arbeidsmiljø og høg trivsel. Me arbeider etter årsturnusprinsippet som sikrar føreseieleg arbeidstid for dei tilsette, og kontinuitet for våre brukarar. Som tilsett kan du påverka arbeidsrotasjonen din. Kvalifikasjonarfagbrev som helsefagarbeidar, men sjukepleiar og vernepleiar kan vurderastmeistra skriftleg og munnleg norsk gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing personlege eigenskapar vert lagt vekt på Arbeidsoppgåverutføra sjølvstendige oppgåver etter kompetanse; kartlegging, behandling, observasjon og pleiebidra til å ivareta den enkelte bebuar sin identitet, eigenverdi og sjølvstendedokumentasjon, samt laga og evaluera tiltaksplanar samarbeid med pasient, pårørande, og anna tverrfagleg personellnytta velferdsteknologiSøknadMe ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden. Link til søknadsskjema: Søk her
Oppheimsvegen 35, 5713 VossestrandStort kartHybridkartFlyfoto