Sjukepleiar - 100% vikariat - Lerketunet
None
Frekhaug
BeskrivelseOm stillingaVi har ledig 100 % vikariat som sjukepleiar i turnus med arbeid i langvakter kvar 6. helg på Lerketunet. Vi ønskjer tiltreding så snart som råd, og vikariatet vil vare til 31.08.24.ArbeidsoppgåverSom sjukepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelinga. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og som primærkontakt får du eit tett samarbeid med pasient og pårørande.Om Meland sjukeheim og LerketunetMeland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er : Omsorg med livsglede og kompetanse.Lerketunet er eit bukollektiv for 12 personar som lever med demens. Vi er opptatt av å ha eit godt fagleg tilbod til dei som bur på Lerketunet. Vi legg vekt på god fagleg kompetanse, samarbeidsevner, interesse for miljøarbeid og demensomsorg. Som helsefagarbeidar er du med og gir bebuarane omsorg med livsglede og kompetanse. Ein viktig del av arbeidet er å skapa eit triveleg miljø for pasientane, dei pårørande og medarbeidararKvalifikasjonskravNorsk autorisasjon som sjukepleiarGode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegDersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - testKven er du?Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.Vi treng fleire mannlege kollegaer ved avdelinga vår, og menn vert derfor oppmoda om å søkje.Vi tilbyrEngasjerte, flotte og framtidsretta kollegaerEit positivt og inkluderande arbeidsmiljøEin aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringarFagleg utviklingÅrsturnusTilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGod pensjonsordning gjennom KLPSjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter HovudtariffavtalenPolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi er AlverBli kjent med Alver kommune!
Havnevegen 14, 5919 FrekhaugStort kartHybridkartFlyfoto