Fagutviklingssykepleier

None
Kviteseid
BeskrivelseLEDIG STILLINGEr du ein sjukepleiar som ynskjer å vera med på å utvikle framtidas sjukeheim?Kviteseid kommune søkjer no etter:**Fagutviklingssjukepleiar,**100% fast stilling ved Kviteseid omsorgssenter. Stillinga er på dagtid med arbeid kvar 4. helg, og er ledig frå d.d.Er du innovativ og nytenkande, med eit brennande engasjement for fag og kvalitet? Da ynskjer me å ha deg med på laget. Me søkjer deg som vil vera med på kontinuerlig forbetring, og som har blikket retta mot framtidas moglegheiter og løysningar framfor avgrensingar. Du er trygg i rolla som sjukepleiar, og du evnar å motivere og inspirere dine kollegaer. Du motiverast av å arbeide strukturert med å ruste tenestene for framtidas behov.KOS er ein sjukeheim med totalt 29 plassar fordela på 24 langtidsplassar, 4 korttidsplassar og 1 ØHD-plass. KOS blir ei avdeling i den nye eininga med om lag 30 årsverk. Det er ein omsorgsfull og engasjert gjeng, som er opptekne av trivsel for både pasientar og tilsette. Fagsjukepleiar vil jobbe tett saman med avdelingsleiar.Arbeidsoppgåver:· Fagleg oppfølging og rettleiing av tilsette· Pådrivar for forbetringsarbeid og fagutvikling· Smittevernansvarleg· Organisere og gjennomføre kurs, simulering og andre kompetansehevande tiltak· Utarbeide, implementere og fylgje opp kompetanseplanar· Følgje opp faglege prosjekt· Utarbeide og revidere faglege rutinar og prosedyrar i kvalitetssystemet· Ansvarleg for opplæring av nytilsette· Fagleg ansvarleg for lærlingar og studentar· Ressursperson i dokumentasjon av helsehjelp og elektronisk samhandling i EPJ· Brukar- og pårørandesamarbeid· Utføre helse- og omsorgstenester til pasientane i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk· Tverrfagleg samarbeid· Medverke til organisering av dagleg drift i samarbeid med avdelingsleiar· Stadfortredar for avdelingsleiar· Andre oppgåver kan bli lagt til stillingaKvalifikasjonar:· Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning· Klinisk erfaring· Interesse for faget og utvikling av dette· Ynskjeleg med erfaring frå liknande stilling· Kjennskap og forståing for lovar, forskrifter og nasjonale retningsliner som regulerer tenestene· God digital kompetanse· Må kunne beherske norsk godt munnleg og skriftlegMe søkjer deg som:· Er fagleg engasjert, initiativrik og løysingsorientert· Er ein god relasjonsbyggjar som kan skape tillit og tryggleik· Har stor arbeidskapasitet og kan halde oversikt i ein hektisk kvardag· Kan inspirere og motivere dei tilsette· Kan jobbe strukturert, systematisk og sjølvstendig· Er oppteken av gode lærings- og arbeidsmiljøMe tilbyr:· Utfordrande og varierte oppgåver· Moglegheit for personleg utvikling· Engasjerte og kompetente kollegaer· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljøVed tilsetjing må politiattest leggast fram, ikkje eldre enn 3 månader.Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Kommunen legg vekt på: psykososialt arbeidsmiljø, samarbeidsevner og mellommenneskelege arbeidstilhøve.Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju. Spørsmål kan rettast til avdelingsleiar Helene Stensrud på tlf. 90 21 37 57 eller einingsleiar Hanne Norgaard på tlf. 90 92 03 15Søknadsfrist: 19.10.23
3850 KviteseidStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Sykepleier
0.94 Sykepleier
0.94 Helsesjukepleiar 100 % stilling
0.94 Sjukepleiar
0.94 Sjukepleiar 100 % Fast stilling
0.94 100 % stilling sjukepleiar fast og vikariat
0.94 Sjukepleiar, 100 % fast stilling Spjelkavik Aust heimeteneste
0.94 Sykepleier
0.94 Fast stilling 100 % sykepleier/vernepleier
0.94 Sykepleier
0.94 Sjukepleiar
0.94 Sjukepleiar 100 % fast stilling
0.94 sykepleier med fagansvar
0.94 Sjukepleiar
0.94 Sykepleier
0.94 Vi søker sykepleiere
0.94 Sjukepleiar - 100% fast Manger heimeteneste
0.94 100 % fast stilling Spjelkavik Vest heimeteneste.
0.94 Sykepleier/vernepleier
0.94 Sjukepleiar/vernepleiar
0.94 Helsefagarbeider
0.94 Sykepleiere
0.94 Sykepleier
0.94 Helsesykepleier
0.94 Sykepleier
0.94 Sjukepleiar
0.94 Sykepleier
0.94 Sykepleier
0.94 Sykepleier
0.94 Helsesykepleier
0.93 Sjukepleiar - 100% vikariat - Lerketunet
0.93 Sjukepleiar
0.93 Sjukepleiar - 100% fast - Nordgardstunet
0.93 Helsefagarbeider
0.93 Sykepleier / vernepleier 100% stilling på skjermet avdeling
0.93 Sjukepleiar 80 % fast stilling
0.93 Fagsykepleier
0.93 Sykepleier
0.93 Sjukepleiar
0.93 Sykepleier 100 % fast stilling
0.93 Sjukepleiar
0.93 2x Sykepleier 100% fast
0.93 100% fast stilling som helsefagarbeider
0.93 Sjukepleiar
0.93 Sjukepleiar, for tida på natt, 70-100%
0.93 Sykepleier 100 % fast stilling
0.93 Sjukepleiar
0.93 Sjukepleiar, 100% fast stilling ved Avklaringsavdelinga
0.93 Helsefagarbeider/sykepleierstudent
0.93 Sykepleiere
0.93 Helsesykepleier
0.93 Sykepleier
0.93 Sykepleier, 100 % fast stilling- Avd. sykehjem
0.93 Sjukepleiar
0.93 Er du sykepleier og har lyst til å være med på en spennende utvikling av våre tjenester?
0.93 Vernepleier/sykepleier 100 % fast stilling
0.93 Sykepleier 2 x100%
0.93 Sjukepleiar - fast -